Sunnmørsposten skriv om ein rapport som er bestilt av Helse Møre og Romsdal. Konsulentar frå Semco/Nordic har laget ein rapport om bygningsmessig utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal. Her blir det tilrådd å sentralisere kjøkkentenesta i Ålesund og Volda til eit storkjøken i det nye sjukehuset som skal byggast ved Molde.

Fellessjukehuset på Hjelset (SNR) skal stå klart i 2022. «På SNR er det planlagt et matkonsept basert på 1-2-3 «Fjordland på porselen». Dette konseptet er godt egnet for distribusjon over lange avstander og krever begrenset postkjøkken. Med et slikt konsept er det således rent logistisk eller kvalitetsmessig, ingen ting i veien for å sentralisere produksjon av mat til ett punkt i Helse Møre og Romsdal», skriv konsulentane.

Eg vil tru at alle desse ni sjukehusa ligg i region Hovedstaden i Danmark. Avstanden mellom dei er svært liten. Avstanden frå Rigshospitalet til Herlev sjukehus er ca. 14 km. Avstanden til dei andre sju sjukehusa er om lag den same, eller kortare. Avstanden frå det nye sjukehuset i Molde til Volda sjukehus er ca. 150 km. Avstanden til Ålesund sjukehus er ca. 90 km. Her kjem ferjetid i tillegg. At «ekspertane» bruker sjukehusa i region Hovedstaden i Danmark som døme på at det er rett å sentralisere er meiningslaust.

Ny underskriftskampanje: Vil berge sjukehuskjøkkena i Ålesund og Volda

«Ekspertane» i Semco burde heller syne til sjukehusa i Danmark når dei skriv om sjukehusmat. Eg har sett på kva Herlev sjukehus skriv om maten dei serverer til pasientane. Ein ting er sikkert, det er ikkje Fjordland konsept: «Nordisk menu. Menuen på Herlev Hospital er baseret på nordiske råvarer. Vi bruger fortrinsvis lokale råvarer når de er i sæson, hvilket betyder at retterne som patienterne tilbydes skifter med sæsonerne. Det kan både ses og smages.

Vi er stolte af at to af verdens absolut bedste kokke, Torsten Vildgaard og Søren Westh, begge tidligere souschefer på Restaurant Noma, har udviklet alle retter og dermed hele den menuplan som tilbydes dig som patient på Herlev Hospital (...) Vi gør os umage for at servere mad der er en smagsoplevelse – hver gang! Glæd dig til at smage hverdagsmad i verdensklasse».

Så vil eg spørje om kva Helse Møre og Romsdal betalar for denne rapporten, og kva dei totalt har betalt til konsulentar det siste ti åra?

Ivar B. RoaldVigra

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.