Men mange kommunar har ikkje følgt opp dette i praktisk politikk, og Mental Helse er svært kritisk til at desse midlane vert brukt til andre formål.

Dette skjer medan mange unge, og stadig fleire yngre får psykiske helseutfordringar. Ei trygg og tilgjengeleg skulehelseteneste inneber også at helsesøster er på skulen og at barn og unge kan oppsøke henne når dei kjenner på bekymringar og har problem.

Det at dei kan ta opp vanskelege kjensler og tankar når dei oppstår, kan vere avgjerande for korleis livet deira vert. Eit godt tilbod utan ventetid er viktig då vi veit at rask hjelp kan førebygge behov for behandling.

Det å få barn er ofte ei stor omstilling, og mange kan føle seg åleine og usikre i den nye rolla. Denne kjensla kan opplevast endå sterkare for småbarnsfamiliar som bur langt borte frå familienettverket sitt.

Vi veit at grunnlaget for livet vert lagt i barnet si første levetid, og nær og god tilgang til helsestasjon gjev tryggleik og har også førebyggande effekt. Helsestasjonane er såleis eit viktig tilbod for ein god start som nybakte foreldre.

Mental Helse ser det veksande behovet for helsesøsterteneste og meiner at dei midlane som er tiltenkt styrking av tenesta, må brukast der.

Kommunane er i gang med budsjettarbeidet. Mental Helse Møre og Romsdal ber kommunane styrke helsesøstertilbodet og det viktige arbeidet dei utfører i si kontakt med småbarnsfamiliar, born og unge.

Anna Margrethe Drægebø MoeFylkeseiar, Mental Helse Møre og Romsdal