For første gong har fleire enn 4.000 studentar valt å studere ved Høgskulen i Volda. Dei har valt å studere til å bli lærar, sosialarbeidar, planleggar, kultur- eller mediearbeidar.

Møre og Romsdal treng verkeleg fleire med høg utdanning.

For dei som arbeider i sektoren er milepålar som ein ny rekord viktig og nødvendig kveik.

Så får vi heller leve med at det er trongt på parkeringsplassane våre og at det er undervisning i kvar krik og krok.

Men så kjem fylkesstatistikken og fortel ei heilt anna historie. Diverre er det feil historie. For høgare utdanning er fylkesstatistikken for Møre og Romsdal så mangelfull at den blir direkte misvisande.

Dei som les fylkesstatistikken for området «utdanning og kompetanse» får lett inntrykk av at NTNU Ålesund – tidlegare Høgskulen i Ålesund – er den største institusjonen for høgare utdanning i Møre og Romsdal og at Høgskulen i Volda i grunnen har gått tilbake i tal studentar sidan 2012.

Realiteten er altså at Høgskulen i Volda er den største institusjonen i fylket og har vore det sidan samanslåinga av lærarskulen og DH-skulen i 1994.

Dei siste 5–10 åra har Molde vore nummer to, og Høgskolen i Ålesund / NTNU Ålesund nummer 3, målt i tal studentar. Volda har stabilt hatt ca. 1.500 fleire studentar enn Ålesund og Molde hadde i åra 2010–2015 i gjennomsnitt ca. 250 fleire studentar enn Høgskolen i Ålesund.

Eg har møtt fleire fylkespolitikarar som har vore overraska over at det er slik tala ser ut, og fylkesstatistikken burde i grunnen hjelpe til med å skape eit rett inntrykk.

Elles risikerer ein at politiske prioriteringar blir gjort på feil grunnlag.

Grunnen til at fylkesstatistikken skaper eit anna inntrykk er at dei ansvarlege for statistikken har valt å presentere tal for det som blir kalla Samordna opptak.

Og etter Samordna opptak har studiestaden Ålesund fleire søkjarar enn dei to andre studiestadene.

Men Samordna opptak omfattar berre halvparten av alle studium.

Vidare er det ikkje slik at alle som søkjer om plass via Samordna opptak faktisk er kvalifiserte for å få ein studieplass, eller at dei faktisk tek til på studieplassen dei eventuelt får tilbod om.

I grunnen kan det sjå ut til at Samordna opptak berre fortel kvar det bur mest folk i fylket, og ikkje så mykje anna.

Og då er det ikkje så rart at Ålesund trekkjer til seg flest søkjarar.

Målet med fylkesstatistikken er at den skal vere eit «referanse- og oppslagsverk for fylket, for politikarar og administrasjonen i kommunane, for media og andre samfunnsinteresserte», som det står på nettsidene til Møre og Romsdal fylke.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Statistikken gjev nok nyttig og viktig informasjon for mange i Møre og Romsdal – også for oss i høgare utdanning som ønskjer eit godt partnarskap med regionen og særleg med Møre og Romsdal fylkeskommunes mange dyktige politikarar og administratorar.

Det er svært viktig at Møre og Romsdal fylke støttar opp om alle studiestadene i fylket.

Utbygging av nye studietilbod i Kristiansund er ei dristig satsing som vi ønskjer alt godt, men det blir vanskeleg og vil ta lang tid å få det til.

Fylkesstatistikken kunne difor godt ha fortalt om det generelle utdanningsnivået i fylket eller i kommunane, men det manglar diverre i statistikken.

Frå andre kjelder vil ein sjå at Møre og Romsdal ligg på nedste tredjedelen av fylka i landet når det gjeld andel med høgare utdanning.

Det er ille for eit fylke som bør ha ambisjonar om å vere i verdstoppen på mange område, og slike ambisjonar er avhengige at høg kompetanse på alle nivå for å lukkast.

Ein kan lure på kvifor det er slik, men då bør først fakta kome på plass.

Sannsynlege forklaringar på kvifor vårt fylke har låg andel med høgare utdanning er både at vi har hatt for dårleg tilgang på høgare utdanning – spesielt på Nordmøre.

Men dette handlar nok også om at det til tider har vore så lett å få arbeid i industrien, på sjøen og i næringslivet elles at utdanning ikkje har vore så avgjerande for å få jobb.

Det er ein klisje at forskarar seier at «her trengst det meir forsking», men når det gjeld framtida til fjordfylket Møre og Romsdal så er det nok heilt naudsynt å heve kompetansen på alle samfunnsområde for å få til betre resultat.

Då kan ein betre fylkesstatistikk vere ein god plass å starte diskusjonen.