Ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord. Foto: Staale Wattø

Eg ser at Sunnmørsposten har hatt litt moro med ein annonse der vi

lyser ut ei 2 % fast stilling som brannkonstabel

på Skodje. Eg konstaterer at det er lett å trekke på smilebandet av utlysinga og at brannsjefen har godt humør i møte med media. Likevel kjenner eg at det er viktig å få fram kva vi som samfunn får att for desse brøkdelsstillingane.

For det første så får ein timeløn for utrykkingar. Den faste løna dekker førti timar i året med kurs og øving. I tillegg sikrar det at dei som stiller er dekka av yrkesskadeforsikringa til kommunen. Det er viktig, for dette er ikkje risikofritt arbeid! Brannkorpset har krav til fysisk kapasitet og blir testa årleg. Dei får tilgang til gymsal, men trenar på fritida.

Det lokale brannvesenet har tett samarbeid med dei andre etatane. Gjennom felles øvingar og kurs vert ein kjent og lærer å respektere kvarandre sine styrkar.

Mange deltidsbrannmenn har praktiske yrke, og er vane med å handtere maskiner og utstyr. Dei sit med stor lokalkunnskap. Det er ein fordel å ha arbeidet sitt i bygda, og brannmann er dei fleste på toppen av ei 100 % stilling. Når eg snakkar med karane, merkar eg og at det er ikkje så reint lite stolte av innsatsen sin. Dei legg æra si i å vere først på staden, redde liv og sikre verdiar.

Politiet seier det rett ut: Vi kan aldri oppnå same responstid som brannvesenet. Seinast for ei veke sida var det ei trafikkulykke ved Digerneset. Som vanleg var Skodje Brannkorps først på staden, og då politiet kom kunne dei konstatere at dei kom til dekka bord og situasjonen var under kontroll.

Kjære journalist: Eg ber om respekt for den frivillige brannmannen. Det er han som er først på staden om du skulle bli sittande fastklemd i bilen ein sein nattetime. Som ordførar er eg sikker på at det lokale brannkorpset gjev eit viktig bidrag til samfunnstryggleiken. Vi er stolte av brannkorpset vårt!

Dag Olav TennfjordOrdførar, Skodje kommune

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.