Demonstrerte May-Britt Nakken og Fau-leder Anders Ulstein var blant dem som møtte fram da Kultur- og oppvekstutvalget i Ålesund kommune hadde møte på Emblem skole i november.
            (Foto: Nils Harald Ånstad)

Demonstrerte May-Britt Nakken og Fau-leder Anders Ulstein var blant dem som møtte fram da Kultur- og oppvekstutvalget i Ålesund kommune hadde møte på Emblem skole i november.Foto: Nils Harald Ånstad

Innlegg:

«Ingen omkamp om Emblem skule»

Etter over ti år med halvparten av elevane i midlertidige brakker, må Emblem få ny skule. Dette må skje så snart som råd etter at kommunen er ute av Robek. Og vedtak om byggestart må gjerast før vi blir storkommune i 2020. I «Nye Ålesund» er det uråd å vite kva politiske fleirtalet vil prioritere av investeringar.

Les intervju med FAU-lederen: Godtar ikke felles skole på Emblem og Flisnes

Bystyret skal i dag vedta ei prioriteringsliste over sju nye skulebygg der Kolvikbakken er nr. 1, Emblem nr. 2 og Hessa nr. 3. Folketalet på Emblem veks, og prognosane tyder på at vi vil bli om lag 300 elevar i 2030. Det er om 12 år. Allereie no år ligg vi på 170 elevar, litt over prognosane kommunen sjølv bruker.

Elevar, foreldre og lærarar har akseptert midlertidige løysingar så lenge vi var i Robek. Stålkontainere utan isolasjon, dårleg inneluft, rotne golv og tronge rom er kvardagen vår. Vedlikehald og oppgradering som andre skular har fått, blei sett på vent på Emblem. Det har vi akseptert fordi skulen er kondemnabel, og vi er lova ny. Akutte reparasjonar er gjennomført, slik som nytt tak for å stanse lekkasjar. Det skulle berre mangle. To klasserom var i periodar stengde på grunn av mugg.

Det er borna som har bore konsekvensane av Robek. Men med positive lærarar blei det god skule likevel. No, når vi er på veg ut av Robek, er tolmodet over.

Skole-prioriteringa: Kolvikbakken rykker fram i køa

Vi er difor svært forbausa over at kommuneadministrasjonen no på eige initiativ, og heilt på overtid, vurderer ei samanslåing av Emblem og Flisnes skule. Dei skal alt ha undersøkt ulike tomter mellom Flisnes og Emblem. Flytting av emblemsborna til Flisnes skule skal også vere drøfta.

Ei «nedlegging» av Emblem skule kjem ikkje på tale. Å slå saman to mellomstore skular i to område som begge er i kraftig vekst, er ikkje fornuftig. I dag ligg Emblem skule vegg i vegg med den einaste barnehagen. Dei større borna kan dessutan gå eller sykle til skulen midt i bygda. Alle som har hatt småborn forstår at dette er praktisk – og miljøvennleg.

Flisnes/Emblem vil bli Ålesunds største barneskule som på få år vil vekse frå 500 til 700–800 elevar. Dette gir dårlegare trivsel og læringsmiljø. Det sosiale miljøet på Emblem vil dessutan bli kraftig svekka. Folk flyttar til Emblem nettopp fordi det er trygt, nært og sosialt. Ingen ønskjer å flytte til Emblem for så å måtte køyre borna sine til ein kjempeskule i nabobygda.


Hadde protestplakatene klare

– Vi må vise at vi er her, så de ikke glemmer oss

De stilte mannsterke opp, representanter fra Emblem skule, da opprusting av skolene i Ålesund skulle diskuteres.

For Emblem blir difor dette ein kamp for bygda. Emblem har fire sentrale institusjonar, det er skule, barnehage, idrettsanlegg og bedehus. Desse ligg i ei klynge i det som kommunen sjølv har regulert som «sentrumsstruktur» i arealplanen. Flisnes har det på liknande vis. Andre bydelar har langt fleire organisasjonar, institusjonar og offentlege bygg som dei kan byggje på.

For Emblem er skulen langt meir enn skule, det er identitet, samlingspunkt, møte- og øvingslokale og ikkje minst, det er der vi blir kjent med kvarandre – det er staden der bygda blir til. Born og foreldre kjenner etter kvart ansikt og namn til dei fleste. Kva dette betyr for både trivsel og ikkje minst for å førebygge sosiale utfordringar blant barn og unge, veit vi alle.

Tanken om samanslåing er ille nok, men kva seier dette om politiske prosessar i Ålesund? Ny skule på Emblem er planlagt i lang tid, mellom anna i rulleringsplanane og i kommuneplanen. Kommunen har til og med kjøpt tomt ved sidan av skulen. Det er avsett over 2 mill. til planlegging, og første møte i planprosessen fann stad i sommar.

Trass dette startar altså administrasjonen eit arbeid i strid med dei politiske vedtaka som er gjort.

Kva signal sender dette til dei nye kommunane som skal inn i Ålesund 2020? Det er gjennom grundige prosessar at vedtak blir forankra. Er prosessen god, godtek vi utfallet sjølv om vi er ueinige i sak. Ein må ha tillit til at dei politiske prosessane står fast.


Emblem-rektor redd for å miste plass på prioriteringsliste:

Rotter, rust og lekkasjer

Klasserom i rustne, østeuropeiske stålbrakker, råte, lekkasjer og rotter på lærerrommet.  

Det andre signalet kommunen sender, er at sjølv mellomstore skular i område med stor vekst kan risikere bli slått saman for å spare pengar. De siste er at administrasjonen i Ålesund ser ut til å «gjere som dei vil». Denne saka styrkjer ei slik oppfatning.

I skulesaka i bystyret i dag hadde rett nok rådmannen innstilt på eit framlegg om at kommunen skal «se på ulike muligheter for samordning av skoletilbodet». Dette vil opne for at ein kan vurdere samanslåing av skular. Slik har dei nok tenkt at dei skulle få politisk grønt lys for å greie ut skulesamanslåingar. At dei legg dette fram no, viser at dei sjølvsagt er klar over at dei treng eit politisk mandat – og at dette var noko dei ikkje har hatt.

Om dette skulle bli vedteke, blir heile prioriteringsplanen for nye skulebygg utan stor verdi, for ein kvar skule på lista kan i teorien bli slått saman med ein annan. Då har vi hatt ein skinndebatt i alle år. Dette er ikkje noko anna enn eit forsøk på omkamp. Og slik kan vi ikkje ha det.

Anders Ulstein
Leiar FAU, Emblem Skule

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Leserinnlegg

«Det var ikke overgrepet som var jævligst. Det var tiden etterpå. Dagene etterpå var ekstremt slitsomme, og jeg husker nesten ingenting»

Jeg satt på bussen fra Molde, og tok en uformell og lett avgjørelse med å skrive et innlegg. Om hvorfor det er utrolig vanskelig å komme ut med «seksuelt overgrepsoffer» skrevet i panna, og fortelle sin #metoo-historie.

Ikea bekrefter Ålesund-planer

Men de sier ikke mer om når eller hva de skal bygge på Moa.