Ørskogfjellet:

«Manglande krabbefelt er i strid med nullvisjonen»

Europavegen Manglande krabbefelt over Ørskogfjellet er ei stor utfordring og eit betydeleg samfunnsansvar, skriv ordføraren i Ørskog kommune.   Foto: June R. Johansen

Det kan no ikkje aksepterast at dette trafikktryggingstiltaket vert skuva ut i tid i fleire år

Knut Helge Harstad
Ytring

Tungtrafikken, kollektivtrafikken og privatbilistane på eksportvegen over Ørskogfjellet har rikeleg med erfaring for kor alvorlege og farlege trafikksituasjonar som kan oppstå på vegen oppover Ørskogfjellet, særleg på sydsida, og særleg om vinteren, men også om sommaren med seintgåande tunge køyretøy. Også på nordsida av fjellet er dei alvorlege utfordringane nær dei same. Strekningane oppover fjellet er vel kjende for kø, kaos og livsfarlege situasjonar.

Statsbudsjettet: Ikke penger til krabbefelt i 2018

Det er ikkje mange stadane oppover fjellet det kan køyrast trygt forbi seintgåande tunge køyretøy, om ein vel å opptre forsvarleg og ikkje satsar på flaks.

År etter år har denne strekninga, ofte heilt ned mot Sjøholt sentrum og til toppen på Ørskogfjellet, vore svært utfordrande for tungtrafikken, som framleis alt for ofte ikkje er nok budd på utfordringane oppover fjellet. Og dermed får også dei forsvarleg godt skodde tunge køyretøya og andre, problem i dei kaotiske situasjonar som forplantar seg opp- og nedover fjellet.

Denne uforsvarlege trafikksituasjonen har ofte ført til alvorlege høve med sperra og innsnevra køyrebane til fare for all trafikk.


Møre og Romsdal på landsbunnen i samferdselspenger :

Taper kampen om veg-milliardene

Møre og Romsdal er den store taperen i kampen om samferdselskronene. Neste år skjer det fint lite med vegene i fylket.

Endeleg kom det i stand eit positivt vedtak etter årevis med arbeid, innsats og venting. I 2016 kom planarbeidet så langt frå Statens vegvesen si side, som har ansvar for vegen, og Ørskog kommune som planmynde, at det kunne gjerast vedtak om forbikøyringsfelt/krabbefelt på ei strekning, rett nok kortare enn det var venta ut frå den faktiske utrygge trafikksituasjonen og tidlegare ansvarleg fagleg vurdering.

Frå saksutgreiinga kan eg sitere: «Statens vegvesen har i samarbeid med Ørskog kommune utarbeidd forslag til reguleringsplan for E39 Ørskogfjellet sørside.» Statens vegvesen løyvde pengar til prosjektet, og etter planlegginga og vedtaket i 2016 var det klart at tiltaket kunne fullførast innan 2018.

Midlar til tiltaket vart fjerna då oppstarten nærma seg. Etter at all planlegging var gjort, og det i saksutgreiinga var framstilt at forbikøyrings-/krabbefeltet hadde vore sterkt ønska i svært lang tid, og at den samfunnsmessige nytta av tiltaket var vurdert å verte særleg stort, kom altså skuffelsen om utsetting. Sjølv med den godt kjende farlege trafikksituasjonen på Ørskogfjellet, vart tiltenkte midlar til tiltaket flytta til ein annan stad.

Ukjent som eg framleis er om den «andre staden» skal eg ikkje vurdere kvar trongen om midlane var størst, men likevel gjere det klart kor stort vonbrot som manglande framdrift skapte, etter år med uakseptable tilhøve for all trafikk over Ørskogfjellet.


Kommentar:

Derfor har vi all grunn til å klage

La det først være sagt: Ingen regjering har noen gang brukt mer på samferdsel, og dersom Solberg & Co klarer å trappe opp videre i tråd med Nasjonal transportplan, så bør det varme dem som har asfalt og togskinner nærmest hjertet.

Det er ikkje ørskogbygdarane denne situasjonen går mest utover, men vi er sterkt uroa over det som ikkje skjer her av forsvarleg og naudsynt tiltak.

Næringslivet på Sunnmøre og deler av landet elles, og folk flest som ferdast her, opplever at trafikktryggleiken manglar god prioritering her.

Ny Nasjonal Transportplan med ytterlegare ventetid for utbetring.

Når eit vedtak endeleg var gjort om ei plan for oppstart, og tiltaket var klart til å verte gjennomført, faktisk retteleg «gryteklart», så var det openbert naturleg at ei ev. utsetjinga i det meste ville verte frå det eine året til det andre, ille nok, men her kjem ei ny transportplan utan å løyve midlar før 2021 til tiltak på Ørskogfjellet.

Derfor er det særdeles vanskeleg å forstå korleis den farlege trafikksituasjonen på Ørskogfjellet vert vurdert i statlege organ.

Kor er den praktiske handlinga som skal følgje av statleg mål om nullvisjon i trafikken. Der flaksen har rådd lenge på Ørskogfjellet, og til trass for det store potensialet for alvorlege ulukker, har det gått utruleg bra her, men kor lenge skal ansvarlege mynde satse på slik hell og flaks i ytterlegare fleire år.

Med rikeleg erfaring for manglande tiltak i tiår, og fjerning av midlar nær mogleg oppstart av trafikktryggingstiltaket, kan vi då tru at det kjem pengar før ei ulukka rammar ein uskuldig bilist eller fleire.


Knappe to mrd. til sunnmørsveger neste fem åra

Sjekk hvilke samferdselsprosjekt på Sunnmøre som får penger fra staten i perioden 2018-2023.

Det store prosjektet, Møreaksen. Då Statens vegvesen, Møre og Romsdal, nyleg presenterte si tilråding om veglina mellom Digerneset og Vik i Vestnes, var Ørskogfjellet ute av den planen.

Med slik vegprioritering, der Ørskogfjellet vil verte «B-alternativet» med nedprioritert vintervegstandard, men likevel truleg hovudvegen framleis for trafikken frå Ørskog og kommunane innanfor, og mykje av same gjennomgangstrafikken som i dag på fv 650, vert trafikktryggleiken over fjellet vesentleg farlegare enn den er i dag – både med og utan krabbefelt, klart farlegast utan.

Manglande krabbefelt er ei stor utfordring og eit betydeleg samfunnsansvar. Vestnes, som Ørskog, har stadig fronta utfordringa her og gjeve opplysning om dei årlege farlege situasjonane. Vi har sett kor krevjande det har vore å få bodskapet tilstrekkeleg godt forstått der prioriteringane vert gjort, synest det til for oss. Ros og takk til Vestnes kommune som har engasjert seg i årevis.


Pengene er borte til krabbefelt opp Ørskogfjellet

Regionveisjef Berit Brendskag Lied forteller til smp.no at det ikke ligger inne penger til krabbefelt opp Ørskogfjellet på E136.

Samarbeidet med Statens vegvesen var bra i det konkrete arbeidet som etter års innsats og venting førte til eit sterkt ønska planvedtaket om krabbefeltet. Men når samarbeidet om endeleg å ha fått tiltaket fram til gjennomføring, nærast på ein blunk vert vekke, sit både Vestnes og Ørskog att med bekymringa for framleis utryggleik over fjellet. Slik erfaring gjer oss urolege for utviklinga.

Mange fleire må ta ansvar. I all hovudsak er europavegen over Ørskogfjellet, som over Tresfjordbrua og vidare, eksportvegen frå Sunnmøre, og også «importvegen».

Det meste av det som vert produsert på Sunnmøre, som ikkje vert frakta ut på skip, vert sendt gjennom Ørskog og over fjellet.

Eg ber transportnæringa, næringslivet elles og dei som driv kollektivtrafikken over fjellet, fylkes- og kommunepolitikarar, og ikkje minst; Mørebenken på Stortinget, om å gå sterkt og tydeleg i front for å få vesentleg betre trafikktryggleik over Ørskogfjellet, som krabbe-/forbikøyringsfeltet vil verte.

Det kan no ikkje aksepterast at dette trafikktryggingstiltaket vert skuva ut i tid i fleire år.

Knut Helge Harstad
Ordførar i Ørskog kommune

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.