Svein Magne Harnes

Det er lov å tenkje store tankar – også i Møre og Romsdal: Nordøyvegen kan bli den andre viktige halvparten av Den Nye Atlanterhavsvegen. I eit slikt perspektiv snakkar vi om ei økonomisk oppside av Nordøyveg-prosjektet så det rekk! Føresetnaden er at den reisande opplever ein nær samanhengande kystveg frå Ålesund til Kristiansund. Dette kartet illustrerer ein tenkt måte å gjere dette på:

Den nye eksotiske kystvegen går frå Ålesund, via Nordøyvegen og med bru/molo heilt fram til Sandøya. Derfrå går ei kortferje hyppige 25-minuttsturar til Småge – deretter veg vidare over landfaste Aukra (jf. Møreaksen) mot Bud/Atlanterhavsvegen/Kristiansund.

Ein slik tur kan bli gjennomført på eín dag og gir ei heilskapleg reiseoppleving.

Fjellruta The Golden Route (Geiranger – Valldalen –Trollstigen) har gjennom ei årrekkje sett standarden for imponerande turistvegar langs det indre Vestlandet. No ligg det til rette for å skape The Sunset Strip; Ålesund – Nordøyvegen – Atlanterhavsvegen – Kristiansund, ein atlantisk odyssé for reisande frå heile verda. Satsinga betalar seg tilbake tusen gonger. Stikkord: Turisme!

Frå austsida av Sandøya går det ei 25-minutts ferje til Småge, med hyppige avgangar. Frå Småge kan ein køyre via dei planlagde bruene mellom Aukra og Midsund og over Julsundbrua (jf. Møreaksen). For framtida er det også råd å tenkje seg flytebru på den nokså korte avstanden frå Eikrem/Nyhamna-området over til Tornes.

Via fastlandet kan ein nytte dagens veg eller nye traséar utover mot Tornes og Bud.

Frå Bud følgjer ein vegen langs Hustadvika til Vevang, følgjer Atlanterhavsvegen over til Averøya, køyrer så yttersida av Averøya og Atlanterhavstunnelen til Kristiansund.

Med internasjonal marknadsføring kan ein kan knapt tenkje seg kor mykje Den nye Atlanterhavsvegen kan generere av turisme og inntekter for reiselivet langs heile kyststrekninga! Om den ikkje har det frå før, vil Mørekysten gjennom Den nye Atlanterhavsvegen få eit internasjonalt renommé som eit av dei mest spennande reisemåla i verda!

Svein Magne HarnesSkribent/journalist

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.