«Nye Ålesund er svært stor»

Nye Ålesund Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund kommuner slår seg sammen.  Foto: Kart: Sofie Svanes Flem /Carto

Ytring

Regjeringa har sagt at ein må sjå på erfaringane etter kommunereforma frå Danmark. I Danmark vart ei kommunereform gjennomført i 2007. Dei gjekk frå 271 til 98 kommunar.

Folket i Danmark meiner at dei kommunale tenestene har blitt dårlegare etter kommunesamanslåingane. Den siste målinga som syner det var i 2017. Det danske handikapforbundet til dømes, DH, har til saman over 330.000 medlemmer og dekker alle typar handikap. DH hadde ei medlemsundersøking der over 80 % svarte at dei kommunale tenestene i Danmark hadde blitt dårlegare etter kommunesamanslåingane.

Tretten av desse kommunane ligg i det som blir definert som København by. Desse kommunane ligg der makta i Danmark ligg. Ein skal merke seg at ikkje ei av desse kommunane ville slå seg saman, og ikkje ei vart slått saman

Storleik areal dei 13 kommunane som ligg i København by: Rødovre 12,1 km² Vallensbæk 9,5 km²

Dragør 18,4 km²

Hvidovre 21,9 km²

Brønby 23 km²

Glostrup 13,3 km²

Herlev 12 km²

Gladsaxe 25 km²

Gentoft 25,5 km²

Fredriksberg 8,7 km²

Tårnby 64,9 km²

Ishøj 25,9 km²

København 88,2 km²

Ser ein på storleiken arealmessig av desse kommunane er ikkje ei av de så stor som gamle Ålesund kommune som er ca. 98,7km2. Det er berre to av dei 13 som er større enn Giske kommune. Seks av kommunane er mindre enn Vigra i Giske kommune, ja to av kommunane er mindre enn halve Vigra.

Sju av kommunane i København by har færre innbyggjarar enn dagens Ålesund kommune, den minste har ca. 14.000.

Mange av kommunane i København by er ikkje større i areal enn at det er mogleg for kommunepolitikarane å ha bra kunnskap om kommunen dei skal leie, i motsetnad til Ålesund kommune.

Kvifor har mange norske politikarar så stor tru på at jo større jo betre?

Eg såg at rådmannen i Ålesund i ein kronikk i Sunnmørsposten skriv at Nye Ålesund er eit lite land i areal, du når langt på ein halvtime, for ikkje å seie ein time.

Ser ein på kommunane i København, kan ein på ca. ein halv time køyre ikkje gjennom ei, men alle tretten kommunane.

Kommunen som ligg som ei øy i København kommune er ca. 3 x 3 kilometer.

Det tek ca. tre minutt å køyre gjennom den.

Ikkje den heller vart samanslått sjølv om ho ligg som ei øy i København kommune.