Giske kommune har eit godt og fagleg svært kompetent barnevern. Tenestene er vesentleg styrkt dei siste åra og gjer i dag ein god jobb.

Under siste møtet i komité for helse og omsorg var barnevernstenestene tema.

Her møtte leiinga for barnevernet politikarane. Dei hadde ein grundig gjennomgang av arbeidet dei utfører, også strategisk og metodisk. Også ordføraren i Giske deltok på møtet.

Alt materiale som vart presentert, var gjort tilgjengeleg for alle. Dette var eit ope politisk møte.

Om Ina Giske vil be kontrollutvalet i Giske kommune sjå på tenestene, så kan ho sjølvsagt det. Vi har tillit til at kontrollutvalet handsamar ei slik sak etter gjeldande regelverk.

Denne ytringa er eit svar på at Ina Giske (Frp) opplever å møte stengde dører om barnevernet. Lokalpolitikaren frå Giske hadde denne veka også på trykk kronikken: «Barnevernet – eit vern for kven?»

Heilt uavhengig av kva Ina Giske måtte meine om barnevernstenestene i Giske, vil vi slå fast at Giske kommune har eit godt barnevern bygd på fagleg kunnskap.

Vi har 100 prosent tillit til det arbeidet som vert lagt ned og byggjer det på tilbakemeldingar frå fagorgan.

At éin politikar synest noko anna? Det er noko vi skal klare å leve med i eit demokrati.

Men som leiar og nestleiar i komiteen har vi blitt kontakta av fleire i Helse og omsorgskomiteen, og blidt bedne om å svare ut denne saka.

Dei synspunkta som er kjem fram i artikkelen i Sunnmørsposten, er frå ein politikar og ikkje representativt for oss i komiteen.

Meir om denne saka under (alle artiklar er for abonnentar)

Opplever stengde dører om barnevern - utvalsleiar vil foreslå gransking

Hadde lov å lukke møte om barnevernssak i Giske

Giske: – Barnevernssak lukka ulovleg

Slik gjekk det då Søre-kommunane undersøkte barnevernet:

Avdekka dårleg oppfølging av barnevernsbarn

Barnevernet følgjer opp betre - men bryt framleis lova