I ein artikkel i Sunnmørsposten torsdag 11.1.18 med tittelen «Gjennom stengde dører», uttalar kommunestyrerepresentant for Frp i Giske, Ina Giske, seg kritisk «til manglane norsk barnevern dessverre lid under».

Ho tek utgangspunkt i røynsler frå Giske kommune, og skriv at ho har blitt kontakta av folk som kjenner at forvaltninga ikkje gjer jobben sin.

Giske siterer sitt politiske førebilete, Jon Alvheim, sine ti bod knytt til barnevernetenesta. I eitt av desse står det: «Husk at når barnevernet prater om hjelpetiltak så mener de som regel omsorgsovertakelse eller overvåking.»

Eg kjenner ikkje barnevernet i Giske, men eg registrerer at to leiande representantar for Helse- og omsorgskomiteen i kommunen i Sunnmørsposten fredag tek avstand frå det bilete Giske gjev av den lokale barnevernstenesta. «Full tillit til barnevernet,» skriv dei. Det stemmer betre med mitt inntrykk etter mange år som lokalpolitikar i Sykkylven og med røynsler som tilsynsførar innan barnevernet.

Det norske barnevernet har ein høg fagleg og etisk standard og har alltid barnet sitt beste som rettesnor når dei får uromeldingar. Dei seinara åra har terskelen for å melde saker til barnevernet vorte lågare. Samarbeidet mellom barnehage, skule og barnevern har blitt tettare og omsorgssvikt kan dermed bli fanga opp raskare enn tidlegare.

Slik eg kjenner prosedyrane, undersøkjer barnevernet etter uromeldingar korleis situasjonen er i den aktuelle familien. Kjem dei inn før vanskane har blitt akutte, prøver dei å leggje tilhøva til rette slik at livet kan fungere så godt som råd for born og omsorgspersonar.

Viss den vanskelege situasjonen held fram, søkjer ein i dag å løyse omsorgsoppgåvene ved å involvere personar i den nære familien, slik at borna kan vere i eit miljø dei kjenner. Viss ikkje det let seg gjere, vert omplassering i annan heim vurdert. Alltid er det borna sitt beste som er i fokus. Det er dei som er den svake parten i dette.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Det er ikkje vanskeleg å snu problemstillinga til Giske på hovudet og seie at barnevernet for seint og for sjeldan grip inn. Som regel kjem det av at dei ikkje har kunnskap om vanskane borna lever under, at familien greier å halde omsorgssvikten skjult for samfunnet rundt.

I same utgåva av Sunnmørsposten der innlegget til Giske stod, var det ein reportasje om to foreldre i vårt distrikt som over mange år hadde mishandla dottera si med slag, innestenging og drapstruslar.

Dette skjedde utan at barnevernet greip inn. Skal ein betre barnevernet må heller det vere vegen å gå: Å arbeide for å styrke tenesta med fleire tilsette og eit enno tettare samarbeid mellom barnevernet og dei som elles har dagleg kontakt med borna.

Gjennom tilsyn gjennomført av Fylkesmannen har det kome fram at det rundt om i kommunane har vore store etterslep i saker der det er meldt at born kan ha det vanskeleg. Hadde barnevernet hatt fleire ressursar, kunne dei ha kome ut tidlegare i familiane og prøvd å hjelpe dei før vanskane vart akutte.

Mitt inntrykk er at barnevernet gjer så godt dei kan, med dei ressursane dei har til rådvelde. Politikarane si fremste oppgåve må vere å gje barnevernet i kommunane ressursar slik at dei kan gje born og familiar dei beste føresetnadane for å leve gode og trygge liv.

Eldar Høidal Kommunestyrepolitikar Sykkylven (SV)

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.