Det er konklusjonen til Statens vegvesen når dei kom med si tilråding 30. november om kvar vegen mellom Dragsundet i Skodje kommune og Vik (Tomrefjord) i Vestnes kommunes skal gå.

Dessverre har miljø- og friluftsargumenta og dei «ikkje prissette verknadane» vore fråverande i den offentlege debatten. Tek ein også omsyn til dette, er K2 alternativet via Ørskogfjellet, og ikkje gjennom Svartløkenområdet, rangert som best samfunnsøkonomisk i vegvesenet sin rapport.

Det har ikkje kome fram i debatten. Svartløken er lett tilgjengeleg med store, opne område, samtidig som det er støy- og bilfritt. Nærare 100 000 menneske vil ha mindre enn 45 minutt reisetid til området. Området er tilgjengeleg frå både aust, vest, sør og nord.

Er tre minutt verdt prisen, spør Geir Ove Leite, varaordførar i Skodje. Han seier nei til motorveg gjennom Svartløkenområdet. Foto: Privat

Eit anna argument er den store variasjonen for rekreasjon og friluftsliv. På vinterstid har dei fire idrettslaga ansvaret for fem mil med samanhengande skiløyper som dagleg blir trakka på dugnad. Er der andre stadar på Sunnmøre der ein kan gjere det utan å krysse ein bilveg? Er ikkje dette folkehelse forstår ikkje eg kva folkehelse er. Laurdag var parkeringsplassane på Fylling fulle og Fylling er den lettast tilgjengelege og mest brukte innfallsporten til Svartløken. Den vil bli øydelagt av ny veg tvers over området.

Men det er ikkje berre på vinterstid at området blir brukt. Dei siste åra er det lagt til rette for sykling og det er fleire fiskevatn som blir flittig brukt.

Kan ein tenkje seg noko fredelegare i ein hektisk kvardag enn å ta seg ein ettermiddagstur til fots, på ski eller sykkel utan forstyrrande motorstøy? Dette kan ein berre gløyme dersom ein motorveg skal gå gjennom området. Vil verkeleg dei politikarane som skal ta valet øydeleggje denne idyllen for å spare tre minutt i reisetid?

I delrapporten til Statens vegvesen om dei «ikkje prissette verknadane» er K2 alternativet over Ørskogfjellet det beste og minst konfliktpotensiale alternativet.

I rapporten ser det elles ut som at vegvesenet slit med å definere dei ulike områda.

Fylling har stort konfliktpotensiale, mens Svartløkvatnet har ingen. Her må ein sjå heile området under eitt. Der traseen er planlagt høyrer til Svartløkområdet og ikkje Fylling.

Fylket vårt har lågare befolkningsauke enn landsgjennomsnittet, og det er Ålesundsregionen som står for auken.

Samtidig slit vi med at ungdommen, og spesielt kvinner, flyttar og heller ikkje kjem tilbake. Dagens unge er ikkje berre oppteken av arbeidsplassar og urbane kvalitetar. Dei vil også ha lett tilgjengelege og varierte friluftsområde.

Familien min flytta tilbake frå Oslo for tjue år sidan, og eit av hovudargumenta var nettopp dette, lett tilgjengelege, varierte og sentrale friluftsområde.

Bygg ein veg gjennom Svartløken fell dette argumentet vekk. Kvifor skal ein flytta frå Oslo når ein har betre friluftsmoglegheiter i Nordmarka? Svartløkområdet er Ålesundsregionens Nordmarka.

Høyringsfristen for trasevalet er i februar. Kommunane i indre og midtre Sunnmøre er samstemte om K2 over Ørskogfjellet. Men kva meiner Ålesundarane?

Er dei villig til at dette lett tilgjengelege friluftsområdet for Ålesundarane vinter og sommar blir øydelagt for å spare reisetida til Molde med tre minutt? Er svaret nei, bør Ålesundarane og organisasjonane på bana. No går toget!

Tilhengjarane av veg gjennom Svartløkområdet meiner at vi som er mot K3 spelar på kjensler. Ja, sjølvsagt gjer vi det. Men kombinasjonen av fakta, kjensler og sunn fornuft har vist seg ofte å vere det beste. På syttitalet foreslo planleggjarane motorveg gjennom store delar av Oslo sentrum.

Protestar frå lokalbefolkninga hjelpte, og planane blei på papiret. La også planane om veg gjennom Svartløkområdet bli på papiret.

Eg veit at om førti år vil dei som skal stå for verdiskapinga og busettinga i Ålesundsregionen takke oss dersom vi skrinlegg planane. Veg kan vi byggje seinare dersom vi tek feil, det kan vi ikkje med naturen. Er tre minutt verdt sjansen?