«Ikkje interesse for flat eksportveg?»

Statens vegvesen har lagt fram sitt forslag til ny E39 parsell Vik-Digernes og samtidig ny trase frå Vik til Remmen (til Tresfjordbrua).

HØGDESKILNAD: Skal vegen mellom Ålesund og Molde framleis gå over Ørskogfjellet, går næringslivet på Sunnmøre glipp av ein flat trasé for den såkalla eksportvegen, E136, meiner Oddbjørn Vatne.  Foto: SOFIE SVANES FLEM

Ytring

Dette vil då gi ein flat eksportveg frå Ålesund til Åndalsnes. NHO har fatta poenget, men det ser ut som at kommunane ikkje har fått med seg kva som no blir spolert om K2 over Ørskogfjellet blir valt.

Skal trase K3 bli flat, må den førast i tunnel frå Vik til Tomrefjord og vidare senkast til under 100 MOH frå Tomrefjord til Fylling. Denne tunnelen må forlengast mot Fylling for å skjerme friluftsområdet kring Løklivatnet.

Ved Fylling kan det spanderast ny parkeringsplass og varmestove.

Slik vil det ikkje forringe, men heller forbetre friluftsområdet.

K3 1 er tenkt ført gjennom Dragsundet, Valle og Svorta mot Digerneset. Dette vil gje stor inngrep i bygningar og natur og tilføre bygdene endå meir trafikkstøy. Det er no teikna ein «brun strek» gjennom desse bygdene som då medfører at bustader i nærleiken vil falle dramatisk i verdi og bli umogleg å omsette.


Statens vegvesen må difor velje K3 2 nord for Skodje. Denne må ikkje førast gjennom Grindvika med ny bru over til Digerneset og nytt kryss der. I staden må vegen førast til Straumen og koplast til noverande bru og noverande Digerneskryss.

Dette vil då også gje innsparingar som kan nyttast til forlenginga av «Fyllingtunnelen».


Trasé for Møreaksen

– Kven trur at det berre er å trylle fram 7-10 milliardar kroner?

Det går faktisk an å bruke "sunn fornuft" og velje K2 frå Vik til Skorgedalen, for brøkdelen av kostnaden til K3, meiner Frank Sve i denne kronikken.

Den «brune streken» kan då flyttast bort frå Valle og Svorta. NHO har over for underteikna gitt uttrykk for at ei slik løysing kan dei slutte seg til.

Statens vegvesen har flytta sitt traseval frå Ørskogfjellet til tunnel Tomrefjord-Fylling.

Viktigaste grunngjevinga er regionforstørring mot Molde. Når ein så får ein flat eksportveg nesten på kjøpet, så burde dette vere nok til å forlate K2 over Ørskogfjellet også for kommune- og fylkespolitikarane.


LESARINNLEGG: Samferdsel

«Vi som sunnmøringar må ha større ambisjonar enn «flat veg» til Molde»

I desse tider handlar mykje om logistikkløysingar for framtida til Møre og Romsdal.

Vegen over Ørskogfjellet vil bestå og få krabbefelt. Dette vil vere ein meir tenleg veg for hytter/friluftsområde/kafé,hotell osv. enn ein H5 veg med ingen eller kanskje ei avkøyrsle.

K2 over Ørskogfjellet er planlagt gjennom Solnørdalen. Dette er eit mykje sterkare verna område enn området kring Løklivatnet. Kva vil fylkesmannen seie til eit inngrep kring

Solnørvassdraget? Truleg vil det bli stoppa.