Det er nettopp slik eg har sett at politikarar og barnevern har utvikla seg dei siste 30 åra: barnevernet er blitt som ein stat i staten. Eg har skrive boka «Maktovergrep og justismord», det er den einaste barnevernssaka i Noreg der alle sakspapira er offentlege. Den viser korleis barnevernet konstruerer ei sak utan ei einaste bekymringsmelding. Alle politikarar bør lese den, fordi ein trur gjerne ikkje kva foreldre i barnevernssaker fortel fordi at dette kan ikkje gå føre seg i ein norsk offentleg etat. Mine kommentarar på framferda til barnevernet synleggjer ei såkalla «puslespel-sak» som ein mellom anna kan lese om i doktoravhandlinga til psykolog Elisabeth Backe Hansen med tittelen «Rettferdiggjøring av omsorgsovertaking».

Barnevernet generelt snakkar med minst to tunger. Ei til media, politikarar, fosterforeldre/institusjon, advokat, fylkesnemnd og rettssystemet og ei anna til biologisk familie. Fryktkulturen som barnevernet si framferd skaper, gjer at svært få tek til motmæle.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Foreldre med tiltak frå barnevernet har frykt for å seie det dei meiner i risiko for eventuelt omsorgsvedtak. Dei som snakkar så ofte om «barnets beste» er gjerne dei som veit minst, manglar innsikt eller har mest å skjule.

I Sunnmørsposten 15. desember skriv leder i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Tone W. Trøen (H) at «kanskje den viktigste endringen for mange barn, er at ordet kjærlighet tas inn i lovens formål». Vidare nemner ho dei såkalla «Barnevernsproffane» i «Forandringsfabrikken» og at «De har etterlyst et barnevern som arbeider mer og tydeligere med kjærlighet.» Dette kan vel berre bli forstått slik at det er omfattande omsorgssvikt for tvangsplasserte barn innan barnevernet når slike krav kjem til overflata.