Borgundfjordtunnelen

«Er tunnelen eit luftslott?»

I desse dagar blir reguleringsplan for veg- og tunnelprosjektet Mauseid-Vedde-Gåseid behandla i Sula og Ålesund kommunar.

Øystein Grønmyr, tidlegare rådmann i Sula.  Foto: Frode Kleivland

Det er fullt mogleg å lage planar som er langt meir skånsame for bygda

Øystein Grønmyr

Trasé: Slik er den planlagde traseen for Borgundfjordtunnelen på Sula. 

Ytring

Samla investeringskostnad for Borgundfjordtunnelen er kalkulert til 1.800 mill. kroner, og for Veddemarktunnelen 630 millionar. Med kryssløysingar ved tunnelinnslaga blir samla kostnad vel 2.800 millionar.

I tillegg kjem store summar i drifts- og etter kvart vedlikehaldskostnader. Bompengar er rekna til å kunne finansiere 900 millionar, berre ca. halvparten av investeringskostnaden for Borgundfjordtunnelen.

Borgundfjordtunnelen: Slik blir ny veg- og tunneltrasé Måseide - Vedde - Gåseid

Rådmannen i Ålesund har i saka til plan- og byggesaksutvalet gjort grundig greie for ulike sider ved planen, der det i oppsummeringa m.a. står:

• «Planforslaget som omfatter Veddetunnelen, og som i sin helhet ligger i Sula kommune, synes som et velbegrunnet og realistisk prosjekt å gjennomføre som et offentlig vegprosjekt, eventuelt med trafikantbetaling.

• Dessverre viser det seg at det økte kostnadsbildet på nesten 2 mrd. for Borgundfjordtunnelen alene, er over det dobbelte av beregnet investeringsramme ved optimal bompengeinnkreving over 25 år. Samtidig ser det ut til å være begrensede muligheter for offentlig tilleggsfinansiering.

Dette gjør at gjennomføringsrealismen er svekket.

• Problemet forsterkes av at forutsetningen om å legge ned hurtigbåtforbindelsen og benytte frigjorte midler til tunnelfinansiering, ikke gir en entydig kollektiv- og miljøgevinst. Dels fordi teknologiutviklingen går i retning av å ikke lenger velge undersjøiske fjordkrysninger og samtidig i retning av at hurtigbåt som kollektivløsning er i rivende utvikling med ladbare og autonome båter.»

For begge prosjekta synest det såleis vere ein føresetnad med offentleg finansiering, i alle høve for Borgundfjordtunnelen. Verken Veddetunnelen eller Borgundfjordtunnelen er med i nasjonale eller regionale planar.

Det tyder på at det er langt opp og fram før prosjekta får offentleg finansieringshjelp, om det i det heile vil skje nokon gong. Mest realistisk er det å få bygt Veddetunnelen.

Dei negative konsekvensane for Veddebygda ved framlegget til reguleringsplan er store. Sulaposten har dei siste vekene hatt fleire oppslag om dette, der synspunkt og alternative planar frå folk i bygda har kome fram.


Protesterer mot ny tunnel- og vegtrasé:

Folk i Mauseidvåg frykter at de kommer til å bo i ei trafikkmaskin

Beboere i Mauseidvåg frykter fremtiden. Nye tunnel- og vegtraseer i den smale dalen, kan bety at nye boliger må rives og folk må flytte. Andre vil måtte leve med stor trafikkbelastning.

 

Det er fullt mogleg å lage planar som er langt meir skånsame for bygda og kanskje også rimelegare enn den framlagde planen.

Våren 2013 la oppsitjarar på Vedde fram ei alternativ løysing for av- og påkøyring på Vedde. Denne løysinga ville skåne Vedde-bygda for dei store inngrepa som reguleringsplanen ville føre til. Dette alternativet vart den gongen avvist p.g.a. fordyring/forlenging. No er tunnelane like lange. Ta fram att dette alternativet i det vidare reguleringsarbeidet.

Ei regulering vil utløyse innløysingsplikt for grunn og bygningar som blir regulerte til trafikkføremål. Kanskje er det Sula kommune som må ta kostnaden, for ei løysing som neppe blir aktuell slik ho ligg føre. Tida fram til ei eventuell realisering er lang, og nye løysingar vil truleg kome til som gjer planen uaktuell.


Reguleringsplanen for Borgundfjordtunnelen er ferdig

Tunnel kan lette trafikktrykket, men hus står i fare for å bli revet

Målet med en tunnel under Borgundfjorden er et tryggere, effektivt og mer fleksibelt vegsystem mellom Ålesund og Sula.

 

La ei regulering no ikkje bli meir omfattande enn høgst nødvendig.

Når det gjeld den framlagde planen, dersom ein skal arbeide vidare med den, bør ein mellom anna la tilførselsvegen som skal ta lokaltrafikken frå/til Fiskarstrand, gå i same traséen som den lokale påkøyringsvegen i dekta vest for Veddesvingen.

Sula kommune har lenge arbeidd for ei vegløysing gjennom Veddemarka. Ei løysing med tunnel for å verne det verdifulle naturområdet er fornuftig. Kommunen bør prioritere arbeidet med å få tunnelen bygd snarast råd med økonomisk hjelp frå stat eller fylke.

Ordføraren i Sula har uttalt at han har god tru på å få dette til. Det hadde vore interessant om ordføraren kunne orientere om dette.

Samtidig bør Sula i samarbeid med Ålesund kommune arbeide for å utvikle – og ikkje avvikle båtsambandet mellom dei to kommunane. Det er ikkje framtidsretta å la vere å bruke sjøen som transportåre.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.