LESARINNLEGG:

«Finn deg ei strand, du også!»

Skribenten fekk full plastsekk med rusk på mindre enn 20 minutt. Oppmodar alle til å rydde.

ILLUSTRASJON.  Foto: NTB SCANPIX

Ytring

Dei fleste av oss som bur i Ålesund, er så heldige å bu nær sjøen. På mine mange turar langs sjøkanten, hadde eg ein tendens til å ergre meg over alt plastavfallet i fjøra. For nokre år sidan begynte eg å plukke opp det eg orka, og samle det i sekkar til plasten vart henta. Og i mai kvart år er det Ruskenaksjon og Strandryddedag, noko eg også har delteke i med stor glede.

I går gjekk eg i fjøra der eg har rydda i mange år, med ein plastsekk. På mindre enn 20 minutt vart sekken full, og ca. 200 meter med strandline vart rydda. Stranda vart fin, eg vart fornøgd, og kanskje bidrog eg til litt mindre plast i havet også? Alle monnar dreg, her er plast nok til oss alle! Finn deg ei strand du også, då vel!