Kloakk frå 70.000 menneske skal «reinsast» for så å gå i rør ut i Storfjorden.

Det er nesten utruleg at folk vil gjere slikt mot grannane sine. Eg forstår så godt motviljen og fortvilinga hjå folket som bur i nærleiken, og som no skal få dette velta innover seg. Eit fredeleg og godt bygdesamfunn vil bli øydelagt for framtida. Det er så vanskeleg å forstå at styresmaktene i Sula og Ålesund kan finne på å planlegge noko slikt.

Men det er ikkje berre folket på Kvasneset som blir skadelidande. Vi som bur på sørsida av Storfjorden vil også bli hardt råka. Sjølv om det blir hevda at fjorden her eignar seg godt for eit slikt stort utslepp av kloakkvatn, så er det langt frå rett.

Det vitnar om manglande kunnskap. Både miljøet for dei som bur her i området og fisket i fjorden vil bli hardt skada av dette.

Men i den seinare tid har vi fått merke ei stor forandring. Etter at dei store byggefelta på nordsida av fjorden kom, fekk vi kjenne vond lukt både frå sjøen og garna. Det lukta kloakk, og det vart stadig verre etter som utbygginga heldt fram. Så fjorden er ikkje så rein som han var før.

Eg er no så gammal at eg har sett båten i naustet for siste gong. Men eg tenkjer ofte på dei yngre som har busett seg her, og gjerne vil bruke fjorden og områda her til trivnad for seg og sine. Det vil bli lite triveleg å fiske i kloakkvatn – og ete fisken som ein får i den forureina fjorden.

Eg trur at mange her vil støtte folket på Kvasneset i kampen for å berge miljøet i heimefjorden.

Når ein kan legge røyrleidning for olje og gass gjennom havet til England, skulle det vere mogleg å legge rør for kloakk ut til djupare område utanfor kysten vår også.