Debatten om klima og miljø deler seg ofte opp i to fraksjonar, dei små tiltaka og dei kolossale.

Med små nemnast den daglege innsatsen som å ete kortreist mat og å sløse mindre.

På den andre sida har vi endringar i oljenæringa og reguleringar av transportsektoren. Midt mellom dette fell norske kommunar.

Menneskeskapte klimaendringar er vår tids største utfordring, og aukande temperaturar, auka nedbør og høgare havnivå truar både menneske, samfunn, dyreliv og natur.

I 2016 forplikta Noreg seg til Parisavtalen, og med det til å gjere alt ein kan for å hindre at temperaturen på kloden stig med meir enn 2 grader før hundreåret er omme, og helst ikkje over 1,5. For å nå togradarsmålet, krevjast ein innsats frå alle.

Arbeidet startar med kvar enkelt av oss, og det er difor kritisk at kommunane legg til rette for at innbyggjarane skal kunne leve så klimavennleg som mogleg.

Kommunane har ei sentral rolle i reduksjon av klimagassutslepp, og bør difor jobbe for å finne løysingar som gjer så lite skade på miljøet som mogleg.

Eit kvart lite tiltak trekk oss eit steg nærare eit klimanøytralt samfunn, og kvar enkelt av oss må ta vår del av ansvaret.

Det finst framleis dei som er skeptiske til klimapolitikkens framvekst, og sjølv med forsking frå aust til vest, så ser dette framleis ut som ei allment akseptert haldning. Til dei som høyrer til i denne gruppa, så håpar vi at miljøperspektivet kan få dei ut på bana. Som mindre mystisk enn global oppvarming er faktum at havet er fullt av plast og at vegvesenet saltar i hel landets natur kvar bidige vinter.

Norske kommunar har eit ansvar for å sjå si rolle i ein generasjonsrekneskap. Denne rolla går ut på å finne dei tiltaka og endringane som kan føre til eit betre klima. Så kva er desse løysingane? Under følgjer eit knippe enkle, vanskelege, moderate og radikale forslag til grønare kommunar.

• Fjerne eigedomsskatten på alle null og plusshus

• Bruk sand i staden for salt på vegane

• Bytte ut granulat på kunstgrasbaner med kork

• La lag og foreiningar rydde strendene for betaling

• Bygge ut ladestasjonar for elbilar

• Søke klimasats-midlar for støtte til utsleppsreduserande tiltak

• Legge vekt på grøne løysingar ved prosjekt lagt ut på anbod

• Gjere kjeldesortering lettare tilgjengeleg for både private, bedrifter og institusjonar

For kommunane sin del er dette små tiltak som kan hjelpe til i ein større samanheng. Vi trur ikkje vi reddar verda aleine her i Noreg, men kven skal vere forbilde om ikkje vi kan vere det?

Amalie Ringdal Birkhol.
Falk Daniel Øveraas. Foto: presse