Smp hadde eit intervju med Eva Vinje Aurdal, Smp skriv:

«Som ordfører i Ålesund står hun nå i spissen for en av de to største kommunesammenslåingene i landet. Bare en sammenslåing i Østfold er like stor. Den nye kommunen vil få nær 65.000 innbyggere – dobbelt så stor som nye Molde.»

Det viktigaste for ordføraren er at Ålesund blir stor. Det kan sjå ut som om Ålesund kommune er villige til å bruke ureielege middel til å tvinge kommunane rundt seg til å slå seg saman med dei.

Kvifor? Det er ikkje fordi store kommunar leverer betre teneste enn små. Eg har kontakta nær sagt eit utal av kommune- og stortingspolitikarar der eg har bedt om å få sjå statistikkar og undersøkingar som syner at store kommunar leverer betre tenester enn små kommunar.

Ikkje ein politikar har lagt fram noko som syner at dei store levere betre tenester.

Det eg vil vite er om den enkelte politikar har skaffa seg kunnskap om ei viktig sak før dei gjer vedtak.

Eg spør Vinje Aurdal igjen, har du sett eller veit du om statistikkar og undersøkingar som syner at store kommunar leverer betre tenester enn små kommunar?

Ein kan sjå på resultat av undersøking om kommunesamanslåing i Danmark, ti år etter samanslåingane.

9. januar, 2017: «Små kommuner er bedst til velfærd. Ny undersøgelse viser, at borgere i små kommuner er langt mere tilfredse med velfærden end borgere i større kommuner. Små kommuner er markant bedre til at levere velfærd på borgernære områder som skoler, daginstitutioner og ældrepleje, viser en undersøgelse som Analyse Danmark har foretaget.»

I intervju med Vinje Aurdal står det: «I dag samarbeider kommunene i en rekke interkommunale samarbeid. Dette ser ikke Aurdal for seg i fortsettelsen. I stedet vil Ålesund tilby seg å ha rollen som vertskommune, og ta betalt for de tjenestene de utfører for naboene. Sjøl om det ikke er noe Ålesund skal tjene penger på, så vil det kunne bety en større regning for dem som tar del i slike tenester. Samarbeidsmåten vil også bli endret. – De andre kommunene vil måtte gi avkall på noe av innflytelsen, sier hun.»

Dette er ikkje samarbeid ordførar, og det syner at ordføraren i Ålesund misliker samarbeid!

I Norge prøver ein del politikarar, men også journalistar, å framstille kommunalt samarbeid som ein uting. Eg sende spørsmål til fleire danske kommunar om deira samarbeid med andre kommunar. Eg gir att her svaret eg fekk frå Fredriksberg kommune.

«Kære Ivar. Frederiksberg Kommune har en del aftalebaserede tværkommunale samarbejder (...) Der ud over er der endnu flere ad hoc samarbejder på tværs af kommunegrænserne. På erhvervsområdet har vi konkret en aftale med Københavns Erhvervshus, der giver Frederiksberg iværksættere kurser og individuel vejledning.»

Frederiksberg har meir enn 100.000 innbyggjarar, men dei ser i motsetnad til ordføraren i Ålesund at i Danmark totalt har både store og små kommunar nytte av samarbeid.