Det melder Vikebladet tysdag.

Fram til no har reiarlaget i Ulsteinvik unngått å seie opp tilsette, men har i staden gjort fleire grep mellom anna har tilsette gått ned løn og arbeidstid.

Gjer som fleire enn 23.000 andre - lik smp.no på Facebook

Ikkje tal på permitteringar

No opplyser viseadministrerande direktør Tommy Walaunet at Island Frontier og Island Wellserver, som har vore i jobb for Statoil, går ut av kontraktane frå midten av oktober.

– Vi blir eksponerte for ei stilleperiode i vinter, og forventar difor å måtte permittere folk. Vi har derimot ikkje fastsette tal enno, seier Walaunet til lokalavisa.

Spør sjøfolk i offshore til råds om krisaKaller inn til krisemøte med tillitsvalgte i offshore

Sjømannsforbundet roste nyleg Island Offshore i ein artikkel på spm.no, for at dei heller gjekk med tap - enn å seie opp folk.

30 millionar pluss frå 1,2 milliardar

I kvartalsrapporten frå Island Offshore etter første halvår som vart offentleggjort i slutten av august, kjem det fram at selskapet har tent langt mindre pengar i år, samanlikna med i fjor.

Se minidokumentar: Bølgedalen - ei klynge i krise

Overskotet før skatt etter første halvår, var på 30 millionar kroner. Ved same periode i 2014 hadde selskapet 329 millionar på botnlinja, men dette inkluderte et fartøysal på om lag 170 millionar.

Reiarlaget tente likevel meir pengar i 2. kvartal, samanlikna med 1. kvartal. Omsetnaden held seg også på eit høgt nivå, og 1,2 milliardar er om lag det same nivå som året før.