Dermed er det skipsverftet Sogn som får det største kuttet i Havyard-konsernet. Mange tilsette har jobba ved verftet i ei årrekke.

– Det påverkar dei i veldig stor grad. Det er veldig mykje folk som har hatt arbeidet sitt her kanskje frå dei gjekk ut frå skulen, seier klubbleiar Johnny Sande ved Havyard-verftet til NRK Sogn og Fjordane.

Kutt også på Sunnmøre

Utanom Sogn kjem dei største kutta på Sunnmøre, fortrinnsvis i Fosnavåg og Ålesund, seier Gunnar Larsen i Havyard til smp.no.

– Me har stort sett gjennomført prosessane internt, i god dialog med dei tilsette sine organisasjonar, seier Larsen.

Kutta skal vere gjennomført ved årsskiftet. Låg aktivitet innan olje- og offshorenæringa er årsak til dei kraftige kutta.

– Vi ventar vedvarande lavare etterspørsel, og konkurransen er beinhard. Det fortrinnet som vi har er at vi ikkje berre er innan offshore men også i fiskeri, oppdrett og fornybar energi, seier Larsen.