Havila-direktør Njål Sævik trekk fram samferdsel og skattekutt som positive endringar i budsjettet. Sjefen for reiarlaget i Herøy var mellom fleire leiarar frå næringslivet som hadde teke turen til Ulsteinvik onsdag, for å høyre olje- og energiminister Tord Lien legge fram statsbudsjettet.

Sjå video over

Sævik var mest nøgd med skattelette for selskapa på to prosent neste år, og satsinga på samferdsel. Men han hadde ønska seg større kutt i formueskatten - der det berre vert ei mindre justering.

– For dei fleste eigarane på Sunnmøre må du hente pengane til formueskatt i bedrifta, og med dei utfordrande tidene i maritim klynge vi står i no, så er det ei belastning som gir ei ekstra utfordring, seier Sævik.

Kommentar: Har hørt kriseropet

Video: – Skattelette er det viktigaste for næringslivet - sjå intervju med statsråd Tord Lien til høgre for saka (under om du les på mobil)

Framlegget til budsjettet inneberer redusert sats frå 0,85 prosent til 0,80 prosent - og eit auka botnfrådrag frå 1,2 millionar til 1,4 millionar.

Offshore-krisen: Ingen hjelp for å tette borehullLes også: La fram budsjettet - skuffa verftstilsetteSamferdsel: Regjeringa fekk applaus for HafastKleven: – Bedriftane må utnytte forskingsmidlar

Selskapsskatt mindre viktig

Havila-sjefen får støtte frå styreleiar Tore Ulstein i det familieeige Ulstein-konsernet, sjølv om også han meiner budsjettet peiker i rett retning.

Ulstein trur kuttet i selskapsskatten frå 27 til 25 prosent, kan føre til større investeringar i Norge. Men så lenge overskota i den maritime klynga er låge - som i dag - så betyr det mindre for bedriftene.

– I dei tidene vi er i no, så betyr den endringa mindre enn i tider der vi tener meir pengar. Men vi har tru på at marknaden vil normalisere seg. Då hadde det vore bra med eit større kutt i formueskatten, for å gi bedriftene betre mulegheiter til å førebu seg på oppturen vi ventar kjem på sikt, seier Ulstein - som også har rolla som NHO-president.

Lettare å beholde norske sjøfolk

I budsjettet kom regjeringa med forslag som skal gi meir kompetanse og styrka konkurransekraft til norske reiarlag. Dette er tiltak som vart kjent allereie då næringsminister Monica Mæland (H) la fram verftspakka på Sunnmøre tidlegare i haust.

Reiarsjef Njål Sævik frå Herøy meiner at endringane vil gjere det lettare å halde på norske sjøfolk.

Tiltaka som omhandlar endring for NIS-registrerte skip, justering i nettlønsordninga og oppmjuking av for fartsområder har ei kostnadsramme på 1,9 milliard kroner. Men før desse endringane kan tre i kraft, må dei godkjennast av European Surveillance Authority (ESA).