Styreleiar Kjersti Kleven i familieselskapet Kleven Maritime meiner det vert opp til bedriftene sjølv og utnytte auken i forskingsmidlar som ligg i budsjettet.

Sjå video over saka

Samstundes tenker ho høgt om mulegheitene for eit program som er meir rette mot maritim næring. Bedriftsleiaren hadde ønska seg meir kutt i formueskatt, men meiner i det store og heile at regjeringa leverer på både skatt og samferdsel.

Teknologiprogram Demo 2000 - eit program som skal bidra til å utvikle og eksportere ny teknologi - fekk ei tredobling i midlar til 155 millionar kroner. Kjersti Kleven meiner dette i for stor grad er retta mot olje- og gass, og ønskjer seg eit tilsvarande program for den maritime næringa.