– Eg håpar og tru at AS Norge brukar mulegheitene sine både på ferjesida, og fornyinga av kystvaktflåten, slik at dette kjem norske verft til gode. Det er muleg å gjere det slik, at dette vert ein kamp mellom norske verft. Kvifor skal Norge vere flinkast i klassa, når det gjeld å legge til rette for fri konkurranse i desse kontraktane? spør konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein-gruppa.

Kommentar: Har hørt kriseropet

I framlegget til statsbudsjett frå regjeringa i går, var det fleire tiltak som kjem den maritime næringa til gode (sjå faktaboks). Men det meste var allereie lansert i verftspakka næringsministeren la fram i september.

Milliardinvesteringar

Konkrete pengar til fornying av kystvaktflåten låg ikkje i budsjettet som olje- og energiminister Tord Lien kom til Ulsteinvik for å redegjere for. Men det er kjent at forsvaret har planar om å byggje tre nye kystvaktskip - og verdien skal vere på om lag to milliard per fartøy.

– Vi ser at ein del av dei landa vi kan samanlikne oss med, brukar fraser i anbodspapira som gjer at slike type fartøy går til deira land, seier ho - og ga utfordringa direkte til statsråd Lien i går.

Forsking og samferdsel: Satsinga på forsking og samferdsel i statsbudsjettet for 2016 vert godt motteke hos Ulstein-styreleiar og NHO-president Tore Ulstein. Sjølv om han gjerne skulle hatt større kutt i formueskatten, meiner han lågare selskapsskatt også er viktig for næringslivet - og trur det vil auke investeringane her til lands. Foto: Nils Harald Ånstad

Offshore-krisen: Ingen hjelp for å tette borehullLes også: La fram budsjettet - skuffa verftstilsetteSamferdsel: Regjeringa fekk applaus for HafastKleven: – Bedriftane må utnytte forskingsmidlar

– Går på vilje

Broren Tore som er styreleiar i det familieeigde konsernet - og NHO-president - er samd:

– Det grunnleggjande spørsmålet er om styresmaktene er villige til å legge meir til rette for norsk industri: Slik eg oppfattar det, så er det ikkje vilje til det, seier han.

– Eg oppfattar at det er stor vilje til å legge til rette for utstyrsleverandørane, men ikkje så stor vilje på verftssida, legg Gunvor Ulstein til.

Skattelette viktig

Fornying av ferjeflåten vore trekt fram som oppdrag som kan sysselsette norske verft. På spørsmål om korleis han ser på det, peiker Tore Ulstein på eit rekordstort oransje konstruksjonsskip, som no vert utrusta ved verftet for Island Offshore.

– Eitt slikt skip tilsvarar verdien på fem, seks, kanskje sju ferjer. For å seie det slik: Bygging av ferjer er ikkje det som vil redde norsk industri, svarar han.

Næringslivstoppar: – Formueskatten gir ekstra utfordringar

I staden trekk han fram skattelette som viktig - sjølv om han påpeiker at eit par prosent mindre selskapsskatt har mindre å seie i dårlege tider med små overskott.

Då hadde han heller ønska seg større kutt i formueskatten. Søskena innser samstundes at det truleg er vanskeleg å få til eit politisk fleirtal for det.