Førre månad vart det klart at ABB måtte nedbemanne inntil 260 tilsette, og fleire av desse ved fabrikken i Ulsteinvik.

NRK Møre og Romsdal melder no at 35 tilsette ved arbeidsplassen på Sunnmøre står utan jobb på nyåret. 20 av desse er ABB-tilsette, medan 15 er tilsett i KR Elektro.

– Det er alltid kjedeleg når slike ting skjer, sjølv om vi bevarer kjernekompetansen innanfor den teknologiske delen. Vi mister sjølvsagt produksjonskompetansen som er her i Ulsteinvik, seier salssjef Joar Gjerde til kanalen.

Leiinga i bedrifta seier at dei ønskjer auka satsing på såkalla grøn teknologi.