Regjeringa sin reduksjon av formuesskatten har skapt høge politiske bølgjer. Under den maritime innkjøpskonferansen Maritimen tysdag kom Høgre sin maritim politiske talsmann, Ove Trellevik, med eit nytt utspel, skriv Maritime.no.

Han meiner det er meningslaust å betale formuesskatt for skip i opplag. Tysdag er det registrert 68 skip i opplag rundt Nordsjøen hos skipsmeklaren Westshore.

Høgre sin maritim politiske talsmann vil ikkje lage særreglar for offshorenæringa. Men statsbudsjettet som vart lagt fram 7. oktober er ikkje nok, meiner han.

Arbeidande kapital

Det har vore politisk usemje om korleis ein effektivt kan skilje mellom arbeidande kapital i næringslivet og «død» privat kapital i banken.

Ein rapport frå konsulentselskapet Menon i august viser at kutt i formuesskatten er mindre effektivt enn kutt i selskapsskatten. Dei viser til at halvparten av statens inntekter frå formuesskatten kjem frå formue utan samanheng med næringslivet. (Sjå også rapporten frå Menon.)

Mellomløysing

Trellevik ser for seg ei løysing der dei første fem millionane blir beskatta.

– Frå fem millionar og vidare oppover er det ingen som har pengar i banken. Det er arbeidande kapital, seier Høgres maritim politiske talsmann, Ove Trellevik, ifølgje Maritime.no.

Om reiarar må betale formuesskatt på skip i opplag, er han redd for at alternativet blir å flagge ut til ein stat som ikkje har denne skatten.