Ole A. Ringdal, dagleg leiar hos kjøtbedrifta Ole Ringdal AS på Hellesylt, er full av begeistring der han inspiserer nyslakta lam som skal bli julemat.

– Dette blir det gode produkt av, og det gjev meir pengar i lomma til sauebonden, smiler Ringdal.

Det er full fart i juleførebuingane på bedrifta når vi er innom. Den faste staben på om lag 60 er utvida med rundt 30 sesongarbeidarar frå Polen og England, slik at dei er nesten 100 i aksjon her no.

– Berre i dag skal vi slakte 500 lam. Vi har fulle lister her no, og kan ikkje ta imot meir slakt før i november, seier Ringdal.

(Artikkelen fortsetter etter bildet.)

Hellesylt-bedrifta er midt inne i to hektiske månader med produksjon av pinnekjøt og fenalår.

– Vi planlegg å produsere over 100 tonn med pinnekjøt, forklarer han – og legg til at det ligg an til vekst både når det gjeld pinnekjøt og fenalår i år.

– Og det må vi også ha, for vi får stadig fleire kundar. I førre veke var eg i Oslo, der eg signerte kontrakt om leveransar til 25 nye butikkar i kjedene til Meny, Spar og Jacobs i Oslo-området.

Store dyr frå Sunnmøre og Nordfjord

Og det er altså velfødde lam han kan by på i år

– Eg kan ikkje hugse sist det var så store lam. Dei har nok ete godt på høgfjellet i år. Det skuldast truleg den seine våren, som gjorde at det stadig kom nye område med friskt, grønt gras oppover fjellsidene. Det var så vidt saueeigarane fekk dyra sine heim på grunn av det gode graset, seier Ringdal.

– Får de tak i nok slakt?

– Ja, det ser ut til å gå bra. Vi har fått fleire nye leverandørar den siste tida. Eg meiner at vi betalar godt, og dessutan vel mange å sende dyra sine hit, slik at dei unngår transport til slakteri langt borte. Det er korkje miljøvennleg eller dyrevennleg å køyre dei så langt, seier Ringdal.

Dei aller fleste dyra som han får inn, kjem frå Sunnmøre og Nordfjord – samt litt frå Romsdal og Nordmøre. Det er Nordvestlandet som er hovudmarknaden for dei ferdige produkta.

– Men vi sel stadig meir over heile landet, ikkje minst på Austlandet. Ikkje minst er det mange utflytta sunnmøringar som vil ha kjøt frå oss. Vi reknar med at dei er glade for at vi no har fått 25 nye utsalsstader i Oslo-området.

Dessutan går det litt Ringdal-kjøt til utlandet:

– Vi har sendt til USA, til Finland – og eg reknar med at det er ein del nordmenn på Gran Canari som skal ha pinnekjøtet vårt til julemat, seier Ringdal.

Fårikål-vinnar frå Hellesylt

Kåringar og konkurransar der Ringdal gjer det godt, viser alltid igjen i ordrebøkene.

Difor ventar Ole A. Ringdal ein ny opptur no, etter at Hellesylt-bedrifta sitt fårikålkjøt deltok i ein blindtest i VG i førre veke:

– Det var 12 landsdekkande merke som deltok, og vi vart best i test, gliser Ringdal.

– Dommarane, som var proffe folk, meinte at kjøtet vårt hadde fine stykke, var mørt og saftig. Det viser at vi leverer varer av topp kvalitet, seier Ole A. Ringdal, dagleg leiar hos Ole Ringdal AS.