– Prisen på reke er ein heilt annan i dag har gått sakte men sikkert oppover, seier Agnar Johan Lyng, adm.dir. i reiarlaget Torbas.

I haust var dei i Sortland og kjøpte reketrålar. Så var dei ein tur i Barentshavet, på det han kallar ein snartur for å teste litt.

No ligg trålaren på verkstad for overhaling før den går frå Måløy 2. januar.

Sist dei fiska etter reker var i 1999.

Har trua

– Det er ein godt tilpassa båt med isklasse. Og reker er ikkje så hardt utnytta. Eg har tru på at vi skal finne brukbare førekomstar, seier Lyng.

Agnar Johan Lyng er adm.dir i Måløy-reiarlaget Torbas.

Dersom dei ikkje hadde gått til aksjon i løpet av året, hadde dei mista rekekonsesjonen. Fiskeridirektoratet sende i sommar ut varsel om tilbakefall av reketrålarløyve for dei som ikkje hadde levert fangst i løpet av kalenderåret eller dei to føregåande åra.

– Vi kunne også valt å overdra konsesjonen til andre. Men vi gjer dette fordi vi har tru på det. Så får vi sjå om vi har rett, seier Lyng.

Trålaren dei har kjøpt frå Nord-Norge, «Langøy», har dei no døypt om til «Kvalstein».

Følg smp.no jobb og næringsliv

Også Nordstar aktiviserar konsesjonen

Totalt 17 reiarlag fekk varsel om tilbakefall av konsesjon. Torbas var det einaste i Sogn og Fjordane. Og Nordnes AS på Valderøya var det einaste i Møre og Romsdal.

– Vi har i haust vore av garde to turar og tar ingen sjansar, seier Tormund Grimstad i Nordnes AS.

Sist Nordstar fiska etter reker var i 2012.

– Prisane er fornuftige. Og torskebestanden skal ned, og då kjem rekebestanden opp igjen, seier Grimstad.

Jaktar spisskompetanse på Svalbard

Mest spanande er det for Torbas-reiarlaget, som etter 16 års pause skal bemanne den nyinnkjøpte skuta med 20-25 personar.

– Vi skal ha med nokre frå vårt etablerte reiarlagssystem. Men vi er avhengig også av spisskompetanse på Svalbard og Barentshavet, seier Lyng, og reknar med at båten blir stasjonert i Tromsø.