Havila Harmony førebur seg no på å starte leitinga i Indiahavet, skriv Nett.no, som siterer operatøren Fugro.

Operatøren har langtidskontrakt med Havila Harmony, og set fartøyet inn i søket, etter at eit anna Fugro-skip, Echo Surveyor VII, måtte gje seg. Vanskelege vêrforhold gjorde at den fjernstyrte miniubåten på det andre skipet ikkje kunne gå sikkert ut av og inn i båten.

Havila Harmony er tilpassa operasjonar i mange ulike vêrforhold og tilbyr ei stabil plattform for dette, opplyser operatøren Fugro. Dei har også to andre skip som leitar etter det sakna flyet frå flight MH370 til Malaysia Airlines.

Flyet forsvann så godt som sporlaust på veg frå Kuala Lumpur til Beijing 8. mars i fjor. Til no skal det vere funne berre éin vrakbit som er stadfesta tilhøyrer flyet – på øya Reunion i Indiahavet.

Havila Harmony er utrusta for søk ned til 4.500 meters djupne, og mannskapet på 40 startar søket 3. desember.