Offshoreskipet Island Constructor er siste skip som må i opplag på grunn av lite arbeid på oljefelta. Det store fleirbruksskipet la til kai i Ulsteinvik tidleg i veka, og der blir det truleg liggjande over vinteren.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook

Skipet går ikkje inn i spotmarknaden og blir verande ved kaia til selskapet får på plass eit meir langsiktig oppdrag for fartøyet.

– Skipet er ferdig med oppdrag for kunden og blir liggjande i vinteropplag, stadfestar viseadministrerende direktør Tommy Walaunet i Island Offshore Management.

Fleire permittert

Det betyr enno fleire permitterte sjøfolk, og bemanninga på Island Constructor er no på eit minimum.

Reiarlaget har 151 tilsette permitterte og talet vil auke framover. Selskapet har til no ikkje sagt opp nokon av sine 1200 tilsette.

Alle dei store ute

Dermed har reiarlaget med hovudkontor i Ulsteinvik alle sine store offshoreskip i opplag. Både Island Wellserver og Island Frontier gjekk i opplag tidlegare i haust.

Berre nokre hundre meter frå Island Constructor, ligg det nye kjempeskipet Island Venture.

Det fartøyet har reiarlaget bestilt saman med den amerikanske samarbeidspartnaren, Edison Chouest Offshore. Skipet blei nyleg testa på sjøen og er ferdig utrusta frå Ulstein verft - men utan arbeid. Reiarlaget har ei flåte på 29 skip, ifølgje den siste kvartalsrapporten frå selskapet.

Se minidokumentar: Bølgedalen - ei klynge i krise

Nær 100 skip i bøyene

Ifølgje opplagsregisteret til Maritime.no har reiarlaget i tillegg fire plattformforsyningsskip i opplag, i tillegg til konstruksjonsskipet Island Spirit.

Onsdag var det til saman registert 96 offshoreskip i opplag i oversikten til nettstaden.