Ekornes ventar ei omsetning på rundt 3,3 milliardar kroner, og eit driftsresultat rundt 310 millionar kroner i 2015 - samanlikna med ei omsetning på 2,8 milliardar og eit driftsresultat på 266 millionar i 2014.

Utan oppkjøpet av IMG mot slutten av 2014 hadde det vore eit fallande driftsresultat for konsernet.

Dei som jobbar i Stressless-segmentet får heller ingen bonus for 2015.

– Vi ser at det er forventningar i marknaden om at vi skal levere betre, difor sende vi ut denne børsmeldinga no, seier konsernsjef i Ekornes, Olav Holst Dyrnes, til smp.no.

Ingen bonus i Stressless

Det blir heller inga bonusutbetaling til dei tilsette i Stressless-segmentet. Ein driftsmargin på minst 10 prosent ville utløyst bonus, og dei tre første kvartala låg driftsmarginen tett over 10 prosent.

Men med fallande resultat i fjerde kvartal enda dei under denne grensa.

– Vi skulle sjølvsagt sett at det var på ein annan måte, seier Holst-Dyrnes.

I tillegg til å jobbe for vekst, ser konsernet også etter måtar å ta kostnadene ned.

– Vi har tapt driftsmarginar dei siste åra. Resultatet for 2015 viser behovet for det, vi treng å bli enno meir konkurransedyktig, seier konsernsjefen.

Dette er børsmeldinga frå Ekornes-konsernet torsdag morgon:

I Stressless-segmentet er det forventa ei omsetning i fjerde kvartal på rundt NOK 640 millionar og eit driftsresultat på rundt NOK 45 millionar, samanlikna med NOK 655 millionar i omsetning og NOK 77 millionar i driftsresultat i fjerde kvartal 2014. Dette gir ein driftsmargin innan segmentet på rundt 6,9 prosent i fjerde kvartal 2015, samanlikna med 11,7 prosent i fjerde kvartal 2014.

Resultatet for fjerde kvartal 2015 er negativt påverka av lågare omsetning og auka kostnader innan Stressless-segmentet. Dette er i hovudsak relatert til redusert driftseffektivitet i delar av kvartalet. Vidare er det i samband med det pågåande effektivitetsprogrammet gjennomført ei rekke tiltak som har resultert i ekstraordinære omstillingskostnader på rundt NOK 18 millionar i kvartalet.

Omsetnings- og resultatutviklinga for dei andre segmenta har vore tilfredsstillande i kvartalet. For Svane er det venta ei omsetning i fjerde kvartal 2015 på rundt NOK 61 millionar (46), og eit driftsresultat på rundt NOK 6 millionar (-2).

For IMG er det venta ei omsetning på rundt NOK 118 millionar (68) og eit driftsresultat på rundt NOK 34 millionar (20). I 2014 var IMG ein del av Ekornes-konsernet frå 1. november 2014.