Møbelbedrifta Tonning & Stryn AS er på plass på messa i Stockholm. I år viser dei tre nyheiter:

– Vi har «Bjelke», eit stort spisebord på 2,6 meter, designa av Andreas Engesvik. Bordet kjem også i to mindre utgåver, seier dagleg leiar Silje Vollan.

Gjer som fleire enn 25.000 andre - lik smp.no på Facebook

Stryn-bedrifta viser også «Ursa», ein overstoppa spisestovestol med armlen, også han designa av Andreas Engesvik.

– Vår tredje nyheit er krakken «Frikk», teikna av Erik Wester. Alle tre møblane er i heiltre eik, legg Vollan til.

Silje Vollan seier det er tøffe tider, og difor føler ho at det er viktig å kome med ein litt meir moderne kolleksjon. No er ho spent på responsen på messa.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no