Det er lakseprodusenten Salmar, med utviklings-selskapet Ocean Farming, som er tildelt test-konsesjon. Test-stad er Frohavet nord for Frøya.

Der skal merdane tole både orkan og kjempebølgjer.

Havmerd Diameteren blir 110 meter og total høgde 67 meter. Det skal ifølgje Salmar vere ei dagleg bemanning på to-fire personar på merda. Teikning: Salmar

Erfaringar med forholda i havet hentar dei frå offshore-industrien.

– Dette blir veldig røffe lokalitetar. Vi bruker den mest robuste tau- og not-teknologien som finst i dag til dette prosjektet, seier Bente Lund Jacobsen, adm.dir. i Mørenot Aquaculture.

Til havs

For snart skal oppdrettsnæringa til havs. I mange år har dei fått pes og kritikk for forureining av fjordane og lus i lakseelvane.

Salmar opplyser at dei vil investere 690 mill. i prosjektet. Denne veka ga Fiskeridirektoratet klarsignal for ein fullskala havmerd-pilot.

– Frohavet er for så vidt innanskjers, men havmerda er laga for svært røffe forhold. Eg er overbevist om at dette på sikt opnar for å kome seg enno lenger ut i havet, seier Bente Lund Jacobsen i Mørenot.

Ny eksportnæring?

Så medan oljenæringa slit, kan altså Mørenot melde om oppgangstider. Kanskje er dei også med på å gje ordet offshore-næring eit nytt innhald.

– I dag eksporterer vi oppdrettsutstyr til 15 land. Vi trur teknologien som skal brukast i Ocean Farming, særlig fibernota, har potensial langt utover Norges grenser, seier Lund Jacobsen.

– Leveransar til havbasert oppdrett kan bli ei av Norges nye eksportnæringar, det kan bli ei fantastisk eksportnæring, seier ho.

Rømmingsfare

Med stormar og høge bølger er det også fare for skadar på havmerda, som igjen kan føre til at fisken rømmer.

– Med røffe forhold er skadd utstyr og rømmingsfare noko vi er nøydd til å ta på alvor, seier Mørenot-direktøren.

– Fokus for prosjektet er brotstyrke, kvalitet og det som vanlegvis er fokus når vi produserer til havbruksnæringa, seier ho.

Lund Jacobsen forklarer litt av korleis dei prøver å lage verdas beste not for oppdrett.

– Dyneema, som er verdas sterkaste fiber, har Mørenot laga tau og nøter av i mange år. Denne nye nota har veldig mykje tau, det aukar styrken i nota, seier ho.

– Spesialutvikla og nytt frå Mørenot er også ein plastcoating som vi legg på nota. Coatingen bind fibera så det ikkje kjem skit og smuss inn, dette hjelper for å halde nota heil. Den glatte overflata gjer det også lettare å børste av groe, forklarer Lund Jacobsen.

Langsiktig samarbeid

Denne veka fekk lakseprodusenten Salmar åtte testkonsesjonar for havmerd. Deira utviklingsselskap Ocean Farming vart stifta allereie i 2010. Mørenot-direktøren kan avsløre at avtalen om å levere not og tau vart signert for meir enn eit år sidan.

– Det har vore ein lang prosess. Vi har jobba saman med dei for å få testkonsesjonane på plass, seier Lund Jacobsen.

Når myndigheitene no opnar for testkonsesjonar, ser ho store moglegheiter til å utnytte havrommet betre.

Og for fiskehelsa meiner ho det er eit pluss å kome seg ut i havet.

– Med opne anlegg blir det god vassgjennomstrøyming i merda. Det er viktig for helsa til fisken. Og så håper vi at det ikkje er like mykje lakselus der ute, seier ho.