– Finansiering er eitt av atterhalda i kontraktane. Og utan finansiering blir det ikkje nokon kontrakt, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Ulstein-konsernet har som følgje av lite arbeid sagt opp 150 tilsette. Ved utgangen av førre veke var i tillegg cirka 100 permitterte.

Tøffe tak

Problemet er mangel på kontraktar.

– Det er tøffe tak for reiarlaga. Det ser ein på fjerdekvartalsresultata som blir presenterte no, og det vil gjenspegle seg på oss, seier Ulstein og legg til at det ikkje berre er norske aktørar som slit, men også utanlandske.

Ho har likevel tru på at kjøparane vil kome, på eitt eller anna tidspunkt.

– Vi jobbar med å få på plass kontraktar og har sterk tru på at vi skal få på plass nye ting, men eg har lært at ikkje noko er på plass før alt er på plass, seier ho.

Les også: Kjøper Fiskåholmen frå Ulstein-gruppen

TØRKE: Ulstein verft opplever kontrakttørke og har siste året fått 150 færre tilsette. I tillegg er rundt 100 permitterte. Konsernsjef Gunvor Ulstein ber regjeringa utvide permitteringstida, for å auke sjansen for å behalde tilsette i konsernet. Arkivbilde Foto: Knut Arne Aarset

Nye marknader

På eit møte med finanskomiteen under finanskrisa i 2004 fekk Ulstein spørsmål om ho trudde det nokon gong vil bli bygd båtar i Norge igjen. Den gong sa ho at det vil det - og fekk rett.

– Det skal framleis vere skipsbygging i Norge. Vi må gjennom vanskelege år, men både vi og andre ser på andre segment. Det vil ta tid, og sjølv om vi får nye kontraktar, blir det vanskelege år, seier Ulstein.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Leiarar oppsagde

Ulstein Group har sagt opp folk både her i landet og i utlandet. Tilsette på alle nivå er ramma.

– Når det blir færre operative, så treng ein også færre i leiande stillingar. Vi tek like mykje over alt og sit ikkje berre igjen med leiarar, seier Ulstein og legg til:

– Vi gjer det vi må gjere for å sikre ei framtid for Ulstein. Vi er snart hundre år, og har ingen tanke om at vi ikkje skal bli hundre år til. Men at det blir vanskeleg, det blir det både for oss og andre.

Ulstein har ei innstendig bøn til regjeringa om at dei no må innføre høve for 52 veker permittering, for ein avgrensa periode:

– Vi treng meir enn 30 veker for å omstille ei bedrift, seier ho.