Gjelseth har vore viseadministrerande direktør. Stenersen tar no over rolla som Gjelseth har hatt.

– Bakgrunnen for endringa er at selskapet har vore igjennom ein stor vekst dei siste åra. Med den fokus no som er for å sikre lønnsemda, er selskapet best tent med at Leif Roger Gjelseth overtar som dagleg leiar. Roar Stenersen skal fokusere på det som han er best til innanfor utvikling og vekst, opplyser Havyard MMC i ei pressemelding.

MMC Fish Handling & Refrigeration  leverer utstyr til fiskefartøy og brønnbåtar, og er ein del av Havyard-konsernet. Medan konsernet kuttar 100 årsverk i fjor som følgje av nedgangstider i offshore, opplever Havyard MMC oppgangstider.

Ser lyst på framtida

– Eg er veldig motivert og glad for å vere tilbake i rolla som dagleg leiar. Eg vil ha fokus på å fortsette dei gode prosessane som er starta i Havyard MMC, og dermed sikre betre lønnsemd gjennom effektivisering og omstilling. Det er fantastiske moglegheiter i dagens marknad, og vårt fokus er å vere ein viktig leverandør med fornøgde kundar, seier Gjelseth.

– Eg er glad for at Leif igjen er klar til å føre selskapet vidare, og gler meg til å jobbe enno tettare med han i framtida. Samtidig ønskjer eg å takke Roar for den flotte jobben han har gjort, det er fantastisk at vi har fått gjennomført denne endringa på ein god måte slik at Roar kan vere med og sikre kontinuitet, seier styreleiar Geir Johan Bakke i ein kommentar.