Fosnavaag Pelagic la denne veka fram nye skisser og ein plan for korleis ein kan handtere Kystverket sitt mye omtala behov for deponi i kystbyen, skriv Vestlandsnytt fredag.

Bedrifta har ivra for at massane frå mudringsarbeidet i vågen skal leggjast i indre hamn for å sikre eit utviding av drifta som til no har vore sterkt avgrensa.

Det er ei løysing kommunestyret i Herøy har opna for, etter at dei først gjekk for deponi i ytre hamn.

– Svært viktig

Med løysinga Fosnavaag Pelagic no har lagt på bordet, ser bedrifta mulegheiter for heilårsdrift innan pelagisk med ei dobling av dagens mottak på 30.000 tonn og etter kvart etablering av kvitfiskmottak.

Nye planar Fosnavaag Pelagic meiner dei ha kome med ei god løysing. Det er ikkje endeleg avgjort at deponiet skal plasserast i indre hamn, men mykje tydar på det no. Foto: Svein Aam

Dette meiner dei kan gi minst 50 nye heilårs arbeidsplassar.

– Det er svært viktig at vi får høve til å utvikle bedrifta og etablere heilårsdrift her i Fosnavåg. Eg skal ikkje gå så langt som å seie at det er eit vere, eller ikkje vere for oss - men det er nesten slik, seier styremedlem Harald Sperre til avisa.

«Gratis» for kommunen

Nye berekningar viser at det skal vere plass til dei 66.000 kubikkmetrane med masse som Kystverket har behov for, med ei mindre utbygging av kaia enn tidlegare skissert.

Les også: Berga ny drift i Fosnavåg

Med støtte frå Kystverke og ved at fiskeribedrifta betalar leige for kaia for å dekke utgiftene til kommunen, skal dette vere ei løysing som ikkje fører til auka utgifter for kommunen.