Sævik-familien sitt selskap Havila Holding må betale ned eit lån på 410 millionar kronar eitt år før tida, skriv Nett.no.

Årsaka er at ei gruppe långivarar meiner selskapet ikkje lengre oppfyller vilkåra for obligasjonslånet på grunn av den vanskelege situasjonen reiarlaget til Sævik-familien, Havila Offshore, er oppe i. I staden for å vente til forfall i 2017, vert lånet betalt i løpet av kort tid.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Dagleg leiar Per Sævik i morselskapet seier dei har vore budd på ein slik situasjon: – Vi har seld ein del assets, seier Sævik om korleis dei skal betale, i tillegg til at dei vil nytte midlar frå Havila Holding.

Reiarlaget Havila Shipping er framleis i gjeldsforhandlingar, og har inntil vidare stansa betaling til kreditorar.