Bedrifta han leiar i Ulsteinvik har rundt 500 tilsette. Torsdag var tilsette i alle avdelingane i Rolls-Royce Marine kalla inn til allmøte, der dei fekk vite at 150 jobbar skal vekk i løpet av året.

– Vi kan vere glade for at vi ikkje er hardare ramma, men det er ein tung beskjed å gi at det blir sett i gang slike tiltak. Det er veldig tøft, seier Dag Skarbø som var den som formidla meldinga til ei fullsett kantine i Ulsteinvik torsdag.

Ti permitterte

Skarbø vil ikkje kommentere kor mange som kan måtte gå i Ulsteinvik.

– Det er for tidleg å seie kor mange det blir her. Vi har starta eit nært og godt samarbeid med fagforeiningane, der vi går gjennom prosessen vidare. Det er viktig at dette skjer på ein ryddig måte, seier Skarbø.

Etter påske blei ti tilsette permittert i verksemda, på ubestemt tid.

– Aktivitetsnivået er betydeleg lågare enn før, men det er ikkje svart. Vi har kontraktar. Vi lagar propellar og gir til både offshore, fiskeri, handelsfartøy og ferjer, seier Skarbø som også snart har fått ferdig utbygging og opprusting til 40 millionar kroner på anlegget.

Kuttar mellomleiarar

Rolls-Royce Marine har globalt 5.000 tilsette. Her i landet er talet knapt 2.000. Globalt blir 400 tilsette no oppsagde, dei fleste innan leiing og administrasjon.

Kvar kutta kjem i Norge er enno ikkje klart, ifølgje kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk.

– Vi må gjennom drøftingsprosessane her lokalt først. Men det er sagt frå Storbritannia at dei fleste av dei 400 er mellomleiarar og administrativt tilsette, seier Wollebæk.

Dei fleste av dei 150 jobbane som forsvinn her i landet, vil vere i Møre og Romsdal.

Kjappe avgjerder

Målet no er å få færre mellomleiarar for å få betre sikt mellom leiing og produksjon.

– Det er allereie tatt ut eitt leiarnivå. No er det mellomleiarnivået som blir ramma, som for eksempel avdelingsleiarar, prosjektleiarar, faglege leiarar og funksjonsleiarar, seier Wollebæk.

I ein marknad i omstilling skal dette ifølgje Wollebæk gjere det lettare for konsernet å snu seg. Det skal bli lettare blant anna bli lettare å ta kjappe avgjerder, i ein marknad som omstiller seg raskare enn før.

Frå før er det kjent at Rolls-Royce tilsette finske Mika Makinen som toppleiar i marinedivisjonen for å rydde opp i leiingsstrukturen.

Forverring

Onsdag blei det kjent at 30 stillingar skal vekk ved Midsund Bruk AS i Midsund, det blir truleg også oppseiingar ved FMC i Kristiansund.

NAV-direktør Stein Veland ser ei forverring når det gjeld arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal.

Utpå hausten kan opp mot 1.000 fleire bli arbeidsløyse, trur han. Ifølgje NAV-direktøren stig talet langs heile kysten, med unnateke av Sogn og Fjordane.

– Møre og Romsdal har historisk sett vore eit fylke arbeidsfolk har pendla til. No vil vi truleg sjå at mange av våre innbyggjarar finn seg jobb utanfor fylket, og at dei vil pendle ut.

I dag er rundt 5.000 arbeidsløyse i Møre og Romsdal.

Krise på kysten

Veland seier det nasjonalt ikkje er like stor krise, fordi løysa går ned i mange fylke. På grunn av lav kronekurs driv eksportnæringane godt for tida. Særleg innanfor havbruk, fiske og aluminium.

– Men situasjonen langs kysten er alvorleg, påpeikar han.

NAV-direktøren seier det er risiko for at dei som skal ha arbeidskraft vil bli metta. Veland seier at ein førebels har sett lite av tiltakspakka regjeringa la fram.

– Det var godt tenkt, men vi har eit system som tilseier at arbeidsoppdrag ikkje nødvendigvis går dit der arbeidsløysa er størst. Prosjekt må ut på anbod, påpeikar han.

Han håper no at regjeringa kjem med betre tiltak.

<strong>Ulsteinvik:</strong> Rolls-Royce Propulsion i Ulsteinvik har rundt 500 tilsette. Det er uvisst kor mange som blir ramma i den nye kuttrunden. Anlegget er i ferd med å bli rusta opp for 40 millionar kroner.
<strong>TUNGT:</strong> Plassjef Dag Skarbø ved Rolls-Royce Propulsion i Ulsteinvik hadde ein tung dag på jobb torsdag, då han måtte fortelje dei tilsette at det blir ytterlegare kutt i arbeidsstokken. Han vil ikkje kommentere kor mange som kan bli ramma i bedrifta, men dei tillitsvalde er orientert. Skarbø er oppteken av at det blir ein ryddig prosess framover. Blant anna vil dei måtte høyre om nokon av dei tilsette har planar og ønske om å gå av med avtalefesta pensjon. Foto: Anne-Mari Tomasgard