Det stadfester Arnstein Bjørke, dagleg leiar i eigarselskapet VB Bok as.

Boklageret, som i dag er fordelt over tre etasjar i Kyrkjegata i Volda, blir flytta til Oslo i juni. Det betyr fem færre i staben i Volda, ifølgje Bjørke. Dei har i dag 22 tilsette i Volda.

Dårlegare service frå Posten

Det Bergen-baserte forlagshuset Vigmostad & Bjørke i Bergen kom i 2011 inn som nye eigarar av Haugenbok.no, og året etter tok dei over alle aksjane i selskapet.

– Tidlegare har vi flytta oppgåver til Volda, og nye oppgåver vert flytta til Volda i år. No ser vi dessverre det nødvendig at ei sentral oppgåve vert flytta andre vegen, seier Bjørke.

– Auka konkurranse frå utlandet og bortfall av laurdagsombering hos Posten er nokre av grunnane til at vi finn det nødvendig å ha lageret i Oslo, ifølgje Bjørke.

All kundeservice og marknadsføring fortset som før i Volda.

– Omveg via Volda

Han meiner det er ein omveg å sende bøkene via Volda.

– 95 prosent av varene vi sel kjem anten frå Oslo eller via Oslo. To tredelar av varene skal tilbake via Posten/Bring sin terminal i Oslo, seier Bjørke.

Å flytte lageret til Oslo vil vere med og trygge drifta vidare, meiner han.

– Og det er framleis litt fleire i Volda enn då vi kom inn på eigarsida i 2011, seier Bjørke.

Ifølgje Norsk Kundebarometer er kundane svært nøgde med Haugenbok.no. I fjor gjekk bokhandelen heilt til topps på denne målinga.

– Det skuldast ein kultur og ei driftsform som var der før vi kom inn i bildet. Det er ei viktig utfordring for oss no å få den sunnmørske haugenbok-ånda kopiert inn også i det nye lageret i Oslo, seier Bjørke.

Sluttavtale

Selskapet har klar ein sluttavtale for dei fem som mister jobben, seier dagleg leiar i Haugenbok.no i Volda, Lars-Ove Hammer.

– For dei det gjeld er det trist og beklageleg at det blir nedbemanning. Det blir ei vesentleg drift i Volda framleis. Vi vil sjølvsagt også prøve å flytte fleire oppgåver hit til Volda, seier Hammer, utan at han vil vere meir konkret på dette.

Volda har i dag kundeservicen for bokhandelkjeda Akademika, som også er ein del av VB Bok AS.