Det var historisk på fleire vis då Ulstein verft sjøsette sitt nyaste fartøy frå dokkhallen torsdag. Skipet er det første verftet byggjer i segmentet fornybar energi, og det første med den nyutvikla X-stern-hekken.

Serviceskipet til offshorevindindustrien er eitt av to som er under bygging for Bernhard Schulte Offshore, og skal arbeide for Siemens.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Etter kvart har vi vorte vande med å sjå skip med X-bow-løysinga framme, og dei to skipa er nummer 99 og 100 i rekka for slik baugløysing frå Ulstein. X-stern-hekken har ein liknande design som den populære baugtypen.

Typenemninga er SX175 og skipa har kapasitet til å huse 60 personar i enkeltlugarar.