Midt mellom alle dårlege nyheiter frå den maritime næringa på Nordvestlandet, lyser Kleven no ut heile ti ledige jobbar. Konsernet med hovudkontor i Ulsteinvik treng både fleire ingeniørar, prosjektleiar og arbeidsleiarar.

– Vi har mange parallelle prosjekt gåande i ulike segment. Samstundes har vi ein slank organisasjon som gjer at vi no må fylle på med folk. Vi treng mellom anna personar med tyngre fagleg kompetanse med lang erfaring frå liknande type arbeid, fortel kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven til smp.no.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook

Kan bygge hurtigruter

Konsernet kunne førre veke fortelje at dei hadde inngått ein intensjonsavtale med Hurtigruten om å bygge minst to nye skip. Om desse skipa kjem i boks, kan hurtigruteskipa være mellom prosjekta dei nye tilsette vil jobbe med.

Fleire hundre ledige ingeniørar

Ti nye stillingar i industrien på ein gong, er ikkje kvardagskost. I heile Møre og Romsdal var det torsdag 31 ledige stillingar for ingeniørar og IKT-fag. Dette er yrkesgrupper som har blitt særs hardt råka av oljenedturen med ei auke i arbeidsløysa på meir enn 50 prosent siste år.

Tal frå Nav sin database synleggjer også dette: Heile 352 personar er registert som arbeidsledige innafor desse faga i fylket ved utgangen av april.

Torsdag offentleggjorde også Statistisk sentralbyrå Arbeidskraftundersøkinga for første kvartal i år. Den viser ei auke i arbeidsløysa på 17.000 personar. Den største auken har skjedd i industrien med 12.000 færre tilsette og olje- og gassutvinning med 9.000 færre tilsette.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no