Ulstein Group hadde i 2015 ei omsetning på 2,3 milliardar kroner og eit driftsresultat på minus 95 millionar kroner. Resultat før skatt var nærare 135 millionar kroner i minus.

Forretningsområda Design & Solutions og Power & Control hadde likevel positivt resultat, heiter det i ei pressemelding frå konsernet.

Jobbar med omstilling

Det svake resultatet skuldast krevjande tider. Men konsernsjef Gunvor Ulstein seier nedgangen i offshore og ein vanskeleg marknad må møtast med omstilling og nyskaping.

- Vi er inne i krevjande tider. Konsernresultatet for 2015 vart svakt som følgje av lågare kapasitetsutnytting og den generelt utfordrande marknadssituasjonen innanfor våre forretningsområde, seier Ulstein i ei pressemelding.

Utfordringane held fram

Konsernet ser også at 2016 vil bli utfordrande.

- Vi jobbar med omstilling og utvikling innan nye og framtidsretta område, men det tek tid å få på plass løysingar som vi meiner kan vare ved, seier Ulstein.

135 millionar i minus

Driftsinntekter var i fjor på 2,33 milliardar kroner, medan det året før kom inn 2,70 milliardar kroner.

Omsetnaden i konsernet var i fjor på linje med det konsernet har hatt i åra etter rekordåret 2009. Det året kunne skipsbyggjarane notere eit driftsresultat på meir enn ein halv milliard kroner, frå omsetnaden på dryge 3,5 milliardar.

I fjor blei derimot driftsresultatet på minus 95,2 millionar kroner (184,1 millionar kroner i 2014).

Ordinært resultat før skatt var i fjor på minus 134,7 millionar kroner.  (167,7 millionar kroner i 2014).

Yacht og vind

Ulstein Group har hatt stor fokus på levering av design, bygging og systemløysingar til offshoremarknaden siste tiåra.

- Offshoremarknaden innan olje og gass vil vere krevjande i lang tid framover og vi må tilpasse oss situasjonen. Vi er opptekne av å utvikle oss vidare innan vind- og beredskapsmarknadene og nye designområde der vi ikkje er etablerte enno, som til dømes exploration cruise og yacht. Vi jobbar aktivt med sal og utvikling for å få i hamn nye kontraktar, og vi har trua på at vi skal lykkast i dette arbeidet, seier Gunvor Ulstein.

Ny hekk

I januar 2015 signerte Ulstein kontrakt med Bernhard Schulte Offshore på levering av to servicefartøy til offshore vindindustrien.

Visekonsernsjef Tore Ulstein kommenterer følgjande i pressemeldinga:

Utnytting av havrommet

Havromsbaserte verksemder står i dag for meir enn 70 prosent av dei norske eksportinntektene. Framtida vil vere avhengig av korleis vi forvaltar havet og investerer i ny kunnskap, uttaler Ulstein-leiinga.

- Vi trur at kunnskapsnava innanfor maritime og marine område vil bli sentrale for å kunne utnytte mulegheitene i havrommet framover. Det å jobbe på tvers mellom eksisterande næringsklynger vil bli viktig for å lykkast, seier Gunvor og Tore Ulstein.