Dette kjem fram i pressemelding frå reiarlaget Island Offshore i Ulsteinvik. Det går ikkje fram at meldinga kven som har kjøpt "Island Patriot".

- Det er ein utanlansk kjøpar, men vi har fått beskjed av kjøpar at dei ikkje ønskjer namnet offentleggjort, seier finansdirektør Henning Sundet til smp.no.

Ukjend pris

Salet av fartøyet har blitt gjort på vilkår som begge partar er nøgde med, og Island Offshore Management AS vil halde fram med å drifte fartøyet heiter det i pressemeldinga.

Sundet vil heller ikkje ut med kva Island Offshore har fått betalt for båten.

- Vi har fått ein god pris i marknaden, men du får ikkje vite prisen, seier Sundet og legg til:

- Prisen er god og frigjer kontantar til oss i den situasjonen vi er i.

Har base i Esbjerg

«Island Patriot» vart levert frå Ulstein Verft i april 2005.

Siste åra har båten hatt base i Esbjerg.