– Draumen er å starte vingard. Om nokre år kan det sjå ut som Toscana oppover markane her, sa Nina Viddal til Sunnmørsposten i fjor vår.

No i helga kom dei første 550 drueplantane i jorda på Viddal ved Hjørundfjorden. Dei fyller to mål av garden.

Ho seier ho ikkje kjenner til andre vingardar som skal drivast kommersielt så langt mot nord.

– Eg har planta fire sortar som er eigna for eit litt kaldare klima, med kortare modningstid. Men klimaet er godt ved fjorden her, seier Nina Viddal. Ho vaks opp i Vegsund i Ålesund. Fast jobb har ho i Næringsforeninga i Ålesundregionen.

I fjor flytta ho innover til Viddal og tok over familiegarden.

Dyrke noko anna enn gras

Viddal på Sunnmøre med Hjørundfjorden i bakgrunnen. Foto: Privat

– Eg har lyst til å gjere noko anna enn å dyrke gras, fortel ho. Med støtte frå Innovasjon Norge realiserer ho no ideen om «fjordbobler», som er arbeidstittelen på vinen inntil vidare.

To år har det gått frå ho starta å planlegge til dei første plantane no er i jorda, fortel ho.

Dersom alt går etter planen, har ho 5.000 plantar i jorda om nokre år.

– Plantane kan stå i 40 til 100 år, fortel Nina Viddal.

Må luke

Til hausten neste år kjem den første avlinga. Men det er ikkje berre å setje seg ned og vente.

– I år blir det luking, seier ho.