Sande-bedrifta Plany treng fleire tilsette etter at dei kapra den største enkeltordren sidan dei starta på 1960-talet.

Skal hindre lakselus

Bedrifta som heldt til i Gursken skal levere luseskjold til 100 laksemerdar som skal gå til Marine Harvest sine anlegg i region Vest.

Luseskjolda frå Plany blir monterte rundt laksemerdane. Dei skal hindre lusepåslag på laksen, ved at larvane til lakselusa ikkje kjem seg inn til fisken.

– Milepæl

Leiinga i bedrifta seier ein slik ordre gir godt grunnlag for vidare vekst, og at dei no til trenge fleire enn dei 17 tilsette dei har i dag.

– Dette er ein ny milepæl for bedrifta, seier administrerande direktør Gunnar Larsen i Plany i ei pressemelding sendt ut onsdag.

Omsetnaden til Plany har steget jamt og trutt dei siste åra.

Den siste offentlege rekneskapen er frå 2014, og det året hadde bedrifta eit resultat før skatt på 1,6 millionar frå ei inntekt på dryge 26 millionar kroner (sjå fleire tal til høgre - under om du les på mobil).