Det er mediehuset Vice som har laga ein dokumentarfilm knytt til Christ-verftet i Polen.

Ein arbeidar skal ha brunne i hel under sveising på skroget på det norske skipet Polar Empress. Og i dokumentaren blir det hevda at arbeidaren var nordkoreansk tvangsarbeidar som jobba under slaveliknande forhold. Liket skal ha blitt sendt tilbake til Nord-Korea, saman med 637 euro i kompenasasjon.

Kleven: - Heilt uakseptabelt

Det er Teknisk Ukeblad som siterer frå dokumentaren. Dei har også snakka med Kleven, som var oppdragsgjevaren til verftet. Kleven var ikkje kjend med dokumentaren før Teknisk Ukeblad tok kontakt. Dei skal heller ikkje ha vore kjend med bruk av nordkoreanske arbeidarar.

Men etter at dei blei kjend med saka, har dei hatt møte med verftsleiinga i Polen.

- Vi har formidla vårt klare standpunkt om at dette er heilt uakseptabelt og at vi forventar at det opphøyrer straks. Dette vil bli følgt tett opp. Ut over det har vi ingen fleire kommentarar, uttaler Kleven i ein epost til Teknisk Ukeblad.

- Slusa tilbake til regimet i Nordkorea

Kleven har stadfesta dødsfallet, men ifølgje Teknisk Ukeblad har administrerande dirketør ikkje kunna stadfeste eller avkrefte om vedkomande var nordkoreansk tvangsarbeidar, slik det blir hevda i dokumentaren.

Dei tyske journalistane i Vice har henta inn informasjon som viser at det er ei rekkje nordkoreanske arbeidarar ved verftet og at dei lever under eit strengt regime i Polen. Dei lever under kummerlege forhold og jobbar svært lange arbeidsdagar, seks dagar i veka. Det blir også hevda at det er eit omfattande nettverk, der tvangsarbeidarane blir utnytta og profitten blir slusa tilbake til det nordkoreanske regimet.

Ifølgje Teknisk Ukeblad hevdar The Guardian at diktaturet no skal ha tent over to millardar dollar på arbeidarar i utlandet.

Polar Empress blei døypt ved Myklebust Verft i april i fjor.