Island Offshore vart tildelt prisen for oppbygginga av lett brønnintervensjonsteknologi (LWI) samt gjennomføringa av kveilerørsoperasjonar frå fartøy.

– Dette er tankar fleire operatørar har jobba med i fleire år, men ikkje klart å gjennomføre. Island Offshore har satsa og gjennomført dette med stor suksess, og med auka tilgjenge til subseabrønnar med auka ressursutnytting som resultat, heiter det i grunngjevinga.

Håvard Ulstein heldt takketale under den årlege tilstelninga til SPE, der han mellom anna berømma dei tilsette.

– Verda, og spesielt offshoreindustrien har blitt bygd opp av ingeniørar og med det som bakteppe  er eg beæra for å vere her blant dykk. På same måten har Island Offshore blitt bygd opp av drivande dyktige ingeniørar, både i Stavanger og i Ulsteinvik. Desse folka har starta tidleg, og jobba til seint på kveld. Dei har blitt gitt vide fullmakter til å utvikle tenester som  har gitt auka utnytting av fartøya våre, og dei har levert med glans. Uttallige suksessfulle prosjekt kan vitne om det.

– Det er ei stor ære å motta denne prisen, og ein fantastisk motivasjon til å halde fram med å tøye grensene. Island Offshore skal halde fram med nyskaping!

Les fleire nyheiter om næringsliv her