Det er Stryne-bedrifta Stryvo AS som rykker inn i lokala, skriv nett.no. Dermed blir det aktivitet igjen i verftshallane som Ulstein Group hadde.

I vinter vart den første bølgekraftbøya til det svenske firmaet Waves4power lagt ut utanfor Runde. Allereie i fjor vart det sagt at produksjonen av bøyene kunne bli lagt til Vanylven. No er dette altså stadfesta.

Vanylven kommune har tatt over industriområdet på Fiskåholmen, og forsøker å tiltrekke seg bedrifter som vil etablere seg. No har dei sendt ut invitasjon til pressekonferanse om nysatinga.

Til havbasert oppdrett

Bølgjekraft-bøyene er 42 meter høge, der berre ein liten del viser over vatn. Kvar bøye skal innehalde 40 tonn stål.

– Det neste bølgjekraftverket reknar vi med kjem på eit oppdrettsanlegg til havs. Vi er i kontakt med selskap som prosjekterar oppdrettsanlegg ute i havet. Neste sommar er vi truleg klar, sa Ulf Lindelöf i Waves4power til smp.no i vinter.

Optimisme i Vanylven

Nyetableringa er med på å gje optimisme i Vanylven. Etter fleire år med relativt få nyetableringar i Vanylven, var det i fjor heile 27 nyetableringar her. Dette lovar godt, meiner Tor Inge Nygård, dagleg leiar i Vanylven Utvikling.

- Berre 6,4 prosent arbeidsgjevaravgift hjelper på, seier Nygård.