Programmet som tildeler midlar er eit pilotprosjekt frå Forskingsrådet, meint å hjelpe gründeridéear frå norske universitet og høgskular. Då Forskingsrådet førre veke skulle velje ut dei prosjekta dei hadde mest tru på var det ein kar frå Sjøholt og ein frå Sula som fanga merksenda deira. Blandt dei femten som skulle veljast ut var nemleg Dag Loe og Sigmund Birkeland.

Det er Loe som er idéhaver og grunnleggar av DAAL Noise Control Systems. Ideen kom då han for fyrste gong drog på langtur med motorsykkel for seks år sidan. Sjølv om han hadde ein fin tur, førte det også til piping i øyra i to månader etterpå. Problemet var vindstøy.

– Dei fleste tenker gjerne at det er motordur og slikt som er problemet, men for føraren blir vindstøyen veldig høg, til og med på relativt lave hastigheiter er dette eit skadeleg lydnivå. Sidan eg opplevde det for fyrste gong har eg hatt i bakhovudet at det må finst ein betre måte å gjere det på, fortel Loe som i fjor leverte ei masteroppgåve der han tok for seg moglegheita for å levere eit aktivt lyddempingssystem.

– Miljøet i motorsykkelhjelmen er mykje meir komplisert, og det krev spesifikke lure løysningar for å løyse dette. Eit slikt system må kunne dempe vindstøyen, men ikkje ta vekk trafikklyder, forklarar Loe.

Gjer som fleire enn 27.000 andre - lik smp.no på Facebook

Kjærkommen støtte

Det var i fjor sommar at han starta firmaet. Sidan det har han jobba mykje med marknadsavklaring for å sjå om ideen holder kommersielt sett, og det har han fått bekrefta. Det er også blitt arbeida mykje med marknadsanalyse og forretningsstrategiar. No sett han pris på den kjærkomne støtta som skal brukast til å utvikle produktet.

– Gjennom masteroppgåva har eg designa eit system som visar lovande resultat. No skal pengane brukast til å få til ein fysisk prototype. Å få til noko sånn i verkelegheita krev tid og fokus. Tidlegare har vi fått livsviktig støtte frå Innovasjon Noreg, men har ikkje hatt store moglegheiter til teknisk utvikling. Støtta frå Forskingsrådet er verkeleg kjærkommen, fortel Loe som i vinter fekk med seg Birkeland som teknisk sjef i bedrifta.

Les fleire nyheiter her