Det er Sølvtrans sin brønnbåt «Ronja Ocean» med 3.200 kubikkmeter lastekapasitet som har kome.

Sjå youtube-video over, lagt ut av mannskapet på slepebåten «Hugin».

Slepebåtane «Hugin» frå Ulsteinvik og danske «Frigga» stod for slepet frå verftet i Gdynia i Polen.

– Båten er ikkje den største, men den er blant dei største, seier Edvard Vågnes, teknisk sjef i Sølvtrans. Hos Sølvtrans er «Ronja Polaris» og «Ronja Huon» av den storleiken.

«Ronja Ocean» skal overleverast neste år. Ein søsterbåt er også under bestilling, for levering neste år. Sølvtrans-konsernet disponerer 19 brønnbåtar.