Dei Tine-tilsette si pensjonskasse, MP Pensjon, blir ny storeigar i Havyard-konsernet med ein aksjepost på 7,6 prosent.

Det opplyser Havyard Group i ei børsmelding tidleg tysdag.

Overføringa er ein del av planen om å gjere om obligasjonsgjeld til aksjar for å lette dei økonomiske forpliktingane til skipbyggjarkonsernet med hovudkontor i Herøy.

Havyard har fått gjennomslag frå obligasjonseigarane til å forlenge løpetida på lånet med halvanna år.